Tsjeburasjka (russisk Чебурашка) er ein figur frå ei soge av den russiske forfattaren Eduard Uspenskij (Эдуард Успенский) som seinare vart til ein langtlevande animasjonsserie.

Thumb

Tsjeburasjka er eit dyr som er «ukjent for vitskapen». Han budde visst i regnskogen fram til han ein dag snubla over ei kasse med appelsinar som han sovna i og dermed vart sendt til storbyen. Namnet fekk han då ein overraska butikkeigar såg at han ramla ut av kassa og er teke av stammen til eit då forelda russisk ord som tyder 'å snuble'.

Tsjeburasjka var hovudfiguren i fleire animasjonsfilmar laga av Roman Katsjanov ved Soyuzmultfilm. Den fyrste filmen blei laga i 1969.[1][2][3]

Det japanske animasjonsstudioet GoHands gav ut filmen Cheburashka Arere? med figuren i 2009.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.