From Wikipedia, the free encyclopedia
Tirana (albansk Tiranë) er hovudstad og den største byen i Albania. Offisielt har sjølve byen 418 495 innbyggjarar (2011), men uoffisielle overslag går så høgt som 700 000. Dei 14 tidlegare kommunane som i dag utgjer storkommunen Tirana, hadde til saman 557 422 innbyggjarar.[2] Tirana er ein kommune i regionen med same namn og er hovudstad i regionen.
Tirana | |||
Tiranë | |||
by | |||
Utsyn over Skanderbeg-plassen i Tirana | |||
|
|||
Land | Albania | ||
---|---|---|---|
Region | Tirana | ||
Høgd | 110 m | ||
Areal | 41,8 km² | ||
Folketal | 418 495 (1. oktober 2011)[1] | ||
Grunnlagd | 1614 | ||
Tidssone | UTC +1 | ||
Tirana 41.328888888889°N 19.817777777778°E | |||
Tirana kommune innafor regionen Tirana
| |||
Wikimedia Commons: Tirana | |||
Tirana vart grunnlagt av den osmanske hærføraren Sulejman Pasha i 1614. Opphavet til namnet er usikkert; ein populær teori er at han er oppkalla etter Teheran etter Sulejman si erobring av Persia.[3] I 1920 vart byen utnemnd til mellombels hovudstad, som eit kompromiss mellom dei nordlege og sørlege delane av Albania.
Den noverande kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Tirana vart slått saman med landkommunane Petrelë, Farkë, Dajt, Zall-Bastar, Bërzhitë, Krrabë, Baldushk, Shëngjergj, Vaqarr, Kashar, Pezë, Ndroq og Zall-Herr.[4] Dei tidlegare landkommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Tirana.
Den tidlegare bykommunen Tirana var delt inn i 11 administrative einingar, som i dag òg er kommunaleiningar:
Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Tirana hovudstad i distriktet Tirana.[5] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Tirana.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.