Timișoara
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Timișoara (/timiˈʃo̯ara/, ungarsk Temesvár (/temeʃva:r/)) er ein by i regionen Banat vest i Romania. Han er sete i Timiș fylke.
Timișoara | |||
---|---|---|---|
Hovudbygningen til Det polytekniske universitetet i Timișoara | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Timiș | ||
Borgarmeister | Dominic Samuel Fritz | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By - Storbyområde |
129,2 km² 1070.4 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
250 849 1 941,6 /km² 367 430 | ||
Koordinatar | 45°45′35″N 21°13′48″E | ||
Høgd over havet | 90 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 300xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 56 | ||
Bilnummer | TM | ||
Nettstad: www.primariatm.ro |
Med noko over 250 000 innbyggjarar er Timișoara den femte største byen i landet (2021) etter București, Cluj-Napoca, Iași og Constanța.[1] Han er eit stort økonomisk og kulturelt senter i Banat.
Han er ein multikulturell by påverka av dei mange minoritetane, hovudsakleg ungararar, tyskarar og serbarar, i tillegg til italienarar, arabarar, indarar, bulgararar, sigøynarar, jødar og grekarar. Namn på byen på ulike språk er ungarsk Temesvár, tysk Temeschburg, Temeswar eller Temeschwar, bulgarsk Тимишоара, serbisk Темишвар, Temišvar, Banat-bulgarsk Timišvár og tyrkisk Tamışvar-Tamişvar eller Temeşvar.
Byen vert òg kalla «Vesle-Wien» fordi han i ein lang tid høyrte til Habsburgmonarkiet og heile sentrum i byen vart bygd under denne perioden og kan minne om gamle Wien. Timișoara er ein viktig universitetsby med fag innan medisin, mekanikk og elektroteknologi. Han er ein industriby og vart den første europeiske byen fekk elektriske gatelys i 1884. Han vart òg den andre byen i Europa og den første i dagens Romania som hadde hestar som drog trikkar i 1867. Mange hevdar at Gustave Eiffel, som teikna Eiffeltårnet i Paris, bygde ein av gangbruene over Bega i byen.
I romartida låg det ein militærleir kalla Zambara eller Zurobara like ved der Timișoara ligg i dag.[2] Etter romarane kom mange nomadiske folk frå dei sentralasiatiske slettene, særleg avarar, til ruinane av Zambara og grunnla ein ny busetnad kalla Beguey.
I 1019 vart Timișoara nemnd i skriftlege kjelder for første gong i dokument frå den austromerske keisaren Basil II. I 1154 vart byen nemnd av den arabiske geografen Sarif al Idrisi. Fortet i Timișoara (Castrum Temesiensis) vart først nemnd av kong Andreas II av Ungarn i 1212. Byen vart erobra av Det osmanske riket i 1552 og var under deira kontroll til han vart erobra av den habsburgske hæren leia av fyrst Eugene av Savoie i 1716.
Dei demografiske tilhøva i regionen endra seg dramatisk under dei 167 åra under Det osmanske riket. I 1582 hadde Temeswar, trass i ei blodig omleiring, framleis ein ungarsk majoritet.[3] Seinare vart den største etniske gruppa muslimske tyrkarar og ein mindre gruppe inkluderte serbarar, jødar og signøyarar.[4]
Etter at byen vart okkupert av Det austerrikske riket flykta den tyrkiske folkesetnaden. «Armenische Stadt» var ein eigen bydel i byen fram til den store pesten i 1738. I følgje data frå 1720 var den største etniske gruppa i byen på denne tida serbarar, og det var ingen ungararar eller tyskarar i byen.[4] Seinare kom tyskarane til byen og vart gradvis den største etniske gruppa.
I 1718 vart det første ølbryggeriet i Transilvania bygd her. Den første tobakksfabrikken i dagens Romania vart òg bygd, og mellom 1728 og 1771 vart ein kanal i Bega bygd for å knyte byen til Donau. I 1849 vart Timișoara hovudstad i det austerrikske kronlandet voivodskapet Serbia og Tamiš Banat som følgje av revolusjonane i 1848. Provinsen vart etnisk svært mangfaldig og bestod av rumenarar, tyskarar, serbarar og ungararar. Kronlandet vart oppheva i 1860 og kom inn under Ungarn i 1867 då Austerrike-Ungarn vart oppretta.
Byen vart den første byen i Austerrike-Ungarn som hadde offentlege gatelys med talg- og oljelampar. Timișoara vart òg den første byen i Europa som fekk elektriske gatelys. Dette hadde dei frå den 12. november 1884,[5] (fire år etter New York City). Ein trikk som vart dradd av hestar kom òg i drift i denne perioden. I 1869 vart Timișoara òg den første byen i Kongedømet Ungarn som hadde ein ambulansestasjon.
I 1910 hadde byen 72 555 innbyggjarar (43,6 % tyskarar, 39,3 % ungararar, 10,4 % rumenarar og 4,8 % serbarar.[6]
Etter den første verdskrigen vart byen okkupert av serbiske troppar den 24. november 1918. Dei trekte seg tilbake frå byen 26. juli 1919 og den rumenske hæren gjekk inn i byen 3. august etter eit ultimatum frå den rumenske regjeringa. Den rumenske kontrollen over byen vart stadfesta med Trianontraktaten.
Den neste tiåra utvikla byen seg og folk frå dei rumenske landsbyane og omliggande områda flytta til byen. Rumenarane vart så den største folkegruppa i byen. Etter den andre verdskrigen flytta mange av dei etniske tyskarane i byen til Tyskland og nesten alle jødane emigrerte til Israel eller vestover.
16. desember 1989 gjekk mange av innbyggjarane i byen ut i gatene for å protestere mot avgjersla til styresmaktene og Securitate (det hemmelege politiet) om å deportere den ungarske kalvinistiske pastoren László Tőkés. Dagen etter starta eit opprør i Timișoara mot kommunistregimet til Nicolae Ceaușescu. Dette var byrjinga på den rumenske revolusjonen i 1989, som enda kommunistregimet i landet ei veke seinare.
Timișoara er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Storbyområdet til Timișoara omfattar Timișoara og 14 andre kommunar, med eit samla folketal på 367 430.[8]
Kommune | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|
Timișoara | municipiu | 250 849 |
Becicherecu Mic | comună | 2 875 |
Bucovăț | comună | 2 512 |
Dudeștii Noi | comună | 3 665 |
Dumbrăvița | comună | 20 014 |
Ghiroda | comună | 8 866 |
Giarmata | comună | 6 831 |
Giroc | comună | 22 270 |
Moșnița Nouă | comună | 16 424 |
Orțișoara | comună | 4 104 |
Pișchia | comună | 3 167 |
Remetea Mare | comună | 2 908 |
Săcălaz | comună | 9 223 |
Șag | comună | 5 303 |
Sânmihaiu Român | comună | 8 419 |
Total | 367 430 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.