From Wikipedia, the free encyclopedia
Bega (rumensk Bega, serbisk Begej (Бегеј), tysk Bega, ungarsk Béga) er ei 254 km lang i Romania (178 km) og Serbia (76 km). Ho spring ut i Poiana Ruscă-fjella i Romania, ein del av Karpatane, og munnar ut i Tisza nær Titel i Vojvodina i Serbia.
Elva startar der elvane Bega Luncanilor og Bega Poieni renn saman. Ved Coșava snur elva vestover og renn gjennom Făget, Balinț og Topolovățu Mic, der ho renn ut på dei låge Banatslettene. Slettene var ofte råka av flaum, så Begakanalen vart bygd for å hindre dette. Kanalen renn gjennom Timişoara og held fram sørvestover og inn i Serbia nær landsbyen Hetin.
Nær Jankov Most vert Begej ein del av den store Donau-Tisza-Donau-kanalen og snur sørover. Her mottar ho vatn frå Novi Begej. Her renn elva ut frå kanalen og snur vestover. Ved Zrenjanin snur ho sørover gjennom det gamle elvefaret til Tisa, og renn gjennom Ečka, Stajićevo og Perlez. Denne delen av elva er prega av myrområde og nokre av desse er omforma til fiskevatn, som Belo jezero og Ribnjak Ečka, den største i Serbia med eit areal på 25 km². Resten av våtmarksområde dannar den største myra i Serbia, Carska bara. Etter Begej renn ut frå dette området munnar ho ut i Tisa.
Elva har eit nedslagsfelt på 2 878 km².
Dei kanaliserte delane av både Stari Begej og Novi Begej kan nyttast til skipsfart. Av busetnader langs Novi Begej finn ein Srpski Itebej, Novi Itebej, Torak og Žitište.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.