From Wikipedia, the free encyclopedia
«The Yellow Rose of Texas» er ein tradisjonell amerikansk folkesong. Medlemmar av Western Writers of America valde songen som ein av dei 100 beste western-songane gjennom tidene.[1] Det er blitt spelt inn fleire versjonar av songen, mellom andre av Elvis Presley og Mitch Miller.
«The Yellow Rose Of Texas» | |
Låtskrivar | J.K. |
---|---|
Språk | English |
Form | Vise |
Den tidlegaste kjende versjonen finst i Christy's Plantation Melodies. No. 2, ei songbok som vart publisert av Edwin Pearce Christy i Philadelphia i 1853. Christy grunnla ein blackface-revy kalla Christy's Minstrels. Som dei fleste slike «minstrel»-songar, var teksten skriven i ei blanding av dialektar historisk tala av afroamerikanarar og standard amerikansk-engelsk. Songen er skriven i førsteperson frå perspektivet til ein afroamerikansk songar som kallar seg sjølv ein «darkey» som lengtar etter «ei gul jente», eit omgrep nytta for å skildre barn av afroamerikanarar og kvite amerikanarar med lysare hudfarge.[2]
Filmmusikken til miniserien James A. Michener's Texas daterer ein versjon av songen til 2. juni 1933 med Gene Autry og Jimmy Long som låtskrivarar og artistar. Don George omarbeidde den originale versjonen av songen, som Mitch Miller gjorde populær i 1955. Denne slo ned Bill Haley sin versjon av «(We're Gonna) Rock Around The Clock» frå toppen av Best Sellers-lista i USA.[3] Miller-versjonen vart nytta i filmen Giant og nådde toppen av den amerikanske poplista same veka som Giant-stjerna James Dean døydde. Stan Freberg hadde samstundes ein hit med ein parodiversjon der bandleiaren krangla med trommeslagaren, Alvin Stoller, som òg spelar på Miller sin versjon. Billboard rangerte Miller sin versjon som den tredje beste songen i 1955.[4]
Tidlegast kjende versjon, frå Christy's Plantation Melodies. No. 2 |
Refreng:
[Repeter refreng]
[Refreng] |
«Dearest Mae» og «Rosa Lee» som vert nemnde i songen er titlar på to andre songar som òg finst i songboka til Christy's Minstrels.[2]
25 år seinare vart teksten endra for å fjerne dei noko meir rasistiske elementa i teksten, der «solider» erstatta «darkey»; og den første linja i refrenget «She's the sweetest rose of color» (ein referanse til farga folk) vart endra til «She's the sweetest little flower ...»[5]
«Dearest Mae» vart erstatta med «Clementine» i somme variantar av songen.
Songen vart populær blant sørstatssoldatane i Texas-brigaden under den amerikanske borgarkrigen, og då general John Bell Hood tok kontroll over hæren i Tennessee i juli 1864 introduserte han songen som ein marsjsong.[6] Det siste verset og refrenget vart noko endra av den attverande styrken til Hood etter det avgjerande nederlaget deira i slaget ved Nashville i desember det året:
(siste vers)
Denne teksten syner til militærleiarane Joseph Johnston, P.G.T. Beauregard og Robert E. Lee. Vetaranar frå Texas song songen for å håne mishandlinga til Hood av soldatane frå Texas under felttoget til Nashville.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.