From Wikipedia, the free encyclopedia
«The Ballad of Billy the Kid» er ein song av Billy Joel frå albumet Piano Man i 1973. Han vart òg gjeven ut som singel i Storbritannia med «If I Only Had The Words (To Tell You)» som B-side.[1]
The Ballad of Billy the Kid av Billy Joel frå albumet Piano Man | ||
B-side |
«If I Only Had the Words (To Tell You)» | |
---|---|---|
Utgjeve | April 1974 | |
Sjanger | Softrock | |
Lengd | 5:35 | |
Selskap | Columbia | |
Låtskrivar(ar) | Billy Joel | |
Produsent | Michael Stewart | |
Billy Joel-kronologi | ||
«Travelin' Prayer» (1974) |
The Ballad of Billy the Kid | «The Entertainer» (1975)
|
Songen er ein oppdikta versjon av soga om Billy the Kid. I eit intervju i 1974 sa Joel «Songen er hovudsakleg eit eksperiment med ein impresjonistisk tekst. Han er historisk sett fullstendig unøyaktig».[2]
I det siste verset i songen byter teksten frå Billy the Kid til ein «Billy» frå Oyster Bay på Long Island.[3] Forfattaren Ken Bielen har tolka denne «Billy» i siste verset som Billy Joel sjølv, som kom frå Oyster Bay.[3] Joel hevda sjølv at «Billy» i dette verset ikkje var han sjølv, men ein bartender som arbeidde i Oyster Bay, kalla Billy Nastri.[4]
I 1981 gav Joel ut eit konsertopptak av songen på Songs in the Attic.[4] Konsertopptaket vart nytta som B-sida til ein live singel med «She's Got a Way».[5] Eit anna konsertopptak vart gjeven ut på Live at Shea Stadium: The Concert i 2011.[6]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.