From Wikipedia, the free encyclopedia
Texas-blues er ei form for countryblues som utvikla seg utover på 1920-talet i dei fattige svarte miljøa i dei texanske storbyane Dallas, San Antonio og Houston.
Texas-blues | |||
| |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Kring 1920-talet i Texas i USA |
Texas blues skil seg frå andre typar blues, som Chicago-blues gjennom instrumentbruk og lyd, særleg den tunge bruken av gitarar. Musikarar som Stevie Ray Vaughan har medverka gjennom ulik gitarbruk og forskjellige element frå blues og jazz. Texas-blues bruker også gitarsolo som overgangar innan songane.
Opphavleg var musikken basert på akustiske gitarar, melodiøse songar, og ein svingande spelemåte. Kjende utøvarar på denne tida var Blind Lemon Jefferson, Leadbelly, Lightnin' Hopkins og T-Bone Walker.
Mot slutten av 1940-åra utvikla stilen seg vidare, særleg gjennom introduksjonen av elektriske gitarar og meir jazzaktige gitarsoloar.
Særleg utover 1970-talet fekk stilen fleire element frå rock, gjennom blant andre ZZ Top.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.