blues-artist frå USA From Wikipedia, the free encyclopedia
Aaron Thibeaux «T-Bone» Walker (28. mai 1910–16. mars 1975) var ein USA-amerikansk bluesartist (gitarist, songar, pianist og komponist). Han er rekna som ein av dei sentrale pionerane innan bruk av elektrisk gitar.
T-Bone Walker | |||
| |||
Fødd | 28. mai 1910 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Linden i Cass County i Texas i USA | ||
Død | 16. mars 1975 | ||
Dødsstad | Los Angeles i California i USA | ||
Fødenamn | Aaron Thibeaux Walker[1] | ||
Tidlegare namn | Oak Cliff T-Bone | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1928–1975 | ||
Sjanger | blues, Texas-blues, Chicago-blues, jump blues, West Coast-blues | ||
Instrument | vokal, gitar, piano, banjo, ukulele, violin, mandolin | ||
Plateselskap | Atlantic Records, Brunswick, Capitol Records, Charly Records, Columbia Records, Duke | ||
Verka som | musikar, songar, låtskrivar, bandleiar | ||
Born | Bernita Walker | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Walker var av afro-amerikansk og cherokee-avstamming. Foreldra Rance Walker og Movelia Jimerson var begge musikarar. Bluesartisten Blind Lemon Jefferson var ein ven av familien,[2] og Walker var ofte med som hjelpemann når Jefferson var rundt på speling.[1] Walker lærte å spela gitar, ukulele, banjo, fiolin, mandolin og piano av stefaren Marco Washington.[1]
I 1929 platedebuterte Walker med ein single på Columbia, «Wichita Falls Blues»/«Trinity River Blues». Han opptredde då under namnet «Oak Cliff T-Bone». På midten av 1930-talet spelte han på klubbar i Los Angeles, tidvis som songar og gitarist i jazzorkestret til Les Hite.[2]
Walker gifta seg med Vida Lee i 1935. Dei hadde tre born saman.
På 1940-talet og byrjinga av 50-talet kom ei rekkje plater med den etter kvart veldefinerte låten til Walker, blant anna «Mean Old World», «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)», «T-Bone Shuffle» og «Let Your Hair Down, Baby, Let's Have a Natural Ball».
Det kom ingen nye plater i siste halvdel av 50-åra. I 1960 kom likevel «T-Bone Blues», spelt inn i fleire omgangar i 1955, 1956 og 1959. Mot slutten av karrieren gav Walker så ut nokre kritikarroste plater, som «I Want a Little Girl», «Good Feelin'» (Grammy-pris 1971) og «Fly Walker Airlines».
Walker arbeidde heile tida med toppmusikarar, blant anna Teddy Buckner (trompet), Lloyd Glenn (piano), Billy Hadnott (bass) og Jack McVea (tenorsax).
I 1974 og 1975 hadde Walker fleire slag, og han døydde av lungebetennelse i mars 1975. Han er gravlagt i Inglewood i California.
Chuck Berry har omtalt Walker og Louis Jordan som dei som har påverka han mest. Walker var òg ein tidleg helt for Jimi Hendrix, og fleire av Hendrix sine spesialitetar – som speling med tennene – hadde Walker utført før han.[2]
The Allman Brothers Band hadde «Stormy Monday» som eit av sina favoritt live-nummer.
I 1980 blei Walker vald inn posthumt i Blues Hall of Fame, og i 1987 i Rockens æresgalleri (kategorien «tidleg innverknad»).[3]
Bladet Rolling Stone rangerte han som nr. 47 på ei liste over toppgitaristane gjennom tidene.
(utval)
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.