From Wikipedia, the free encyclopedia
Tekstilindustri er industriell produksjon av tråd, garn, tøy eller klede i stor skala. Tekstilindustrien har århundrelange røter som hushaldsindustri og handverk, men oppstod som maskinell produksjon i England på slutten av 1700-talet.
Tekstilindustrien er inndelt i nisjar etter produksjon og råvarebruk:
Produksjonsprosessen for tekstilar og klede går gjennom ein rekkje prosessar, og nokre blir gjentekne meir enn éin gong: vasking, karding, kjemming, toving, bleiking, farging, spinning, tvinning, veving eller strikking, og sying. I løpet av den industrielle revolusjonen vart stadig fleire av desse prosessane mekaniserte. Den utviklinga starta i 1760-åra og skaut fart med nye prosessinnovasjonar gjennom heile 1800-talet.
Tekstilproduksjonen starta som handverksproduksjon av tråd, garn og stoff i familieføretak i Italia og Flandern på 1300-talet, i eit manufaktur-system der produksjonen i stor grad gjekk føre seg i private heimar (difor namnet manufaktur, eller «handproduksjon»). I den italienske byen Lucca vaks det fram ein stor silkeproduksjon allereie frå 1200-talet. Eit anna viktig behov var seglduk for den veksande skipsfarten. Produksjonen la grunnlag for rikdom hos mellommennene til handelen, men det vart ikkje sett i gang reell industriell masseproduksjon i seinmellomalderen. Det var tilgangen på råvarer som avgjorde kvar denne proto-industrien vart lokalisert. I Tyskland kunne dei midtre høglandsområda by på både lin- og ullproduksjon i høgareliggande område i det som i dag er Hessen, Baden-Württemberg og det nordlege Bayern.
Frå 1400-talet var både Spania og England enno råvareeksportørar av ull, medan ferdigvarer som tekstilar og ulike industrivarer vart importerte frå kontinentet, spesielt Nederland, Flandern, Italia, og Frankrike.[1] Fargarane var ein viktig handverksstand med høg prestisje, og særleg i renessansen vart det lagt stor vekt på fargen på kleda.[2]
Henrik VII av England såg velstanden som følgde av tekstilproduksjonen i Burgund, og starta i 1485 ein industrialiseringspolitikk med toll på eksport av rå ull til kontinentet, og skattefridom og tidsavgrensa monopol til entreprenørar som starta spinneri og veveri i England. Dette tiltrekte seg handverkarar frå Italia og Nederland. Eksporttollen auka råvarekostnadene for spinneria på kontinentet, og hjalp difor industrialiseringa i England.[3]
Denne politikken fekk seinare namnet Tudorplanen, og vart vidareført av etterfølgjarane hans som eit av verdas første forsøk innan merkantilistisk politikk. Den førte til at blant anna Firenze vart utkonkurrert som tekstilsentrum og gjekk inn i ein økonomisk nedgangsperiode. Ein kan sjå grunnlaget for den engelske industrielle revolusjonen som kom seinare i denne politikken.[4] Rå ull frå Spania var eit alternativ for tekstilindustrien på kontinentet, og utover heile 1500-talet var denne faren med på å trekkje England inn i eit bittert motsetnadsforhold til Spania, i allianse med Portugal.
Ull var den dominerande råvara i tekstilindustrien i tidleg moderne tid. Heimeindustri basert på spinning og strikking eller veving i private heimar oppstod på 1500-talet på det sentrale Jylland, og då særleg rundt byane Herning og Ikast, der produksjonen vart mekanisert tidleg på 1880-talet. Lintøy-produksjonen ved Køng fabrik på Sjælland frå 1781 var òg basert på spinning for heimeproduksjon (manufaktur) i mange tiår. I seinmellomlalderen byrja ein òg å importere bomull til Europa – ei råvare det var vanskeleg for nordeuropearar å forstå opphavet til.
Fabrikkproduksjon i større skala var avhengig av vasstilførsel til skylling, og kraft til maskinene. I starten vart vasskrafta brukt direkte via vasshjul. Tekstilindustrien var, saman med gruvene, den første industrien i England som vart mekanisert med dampkraft. Viktige nyvinningar som James Hargreaves si spinnemaskin, Spinning Jenny (1764), Samuel Crompton sin modell Spinning Mule (1779) og Edmund Cartwright sine mekaniske vevstolar (1785) skapte ein effektivitetsvekst i produksjonen som la grunnlag for stor rikdom og re-investering. No vart det vanleg å produsere stoff i stor skala i staden for å veve i private heimar, sjølv om mange fabrikkar enno dreiv rein trådproduksjon til heimesaum. I tekstilindustrien oppstod for første gong i historia ein maskinell produksjon i ein skala som skapte stordriftsfordelar og dermed reell økonomisk vekst. I England vart det på 1700-talet lagt kanalar til å frakte ull til fabrikkane og ferdig stoff for sal innanlands og utanlands. Napoleons blokade av engelsk eksport under Kontinentalsperren 1806-14 vart avløyst av ein sterk vekstperiode for britisk tekstileksport.
Byar som Manchester og Leeds vart viktige sentrum for engelsk tekstilindustri. I løpet av 1800-talet vart stadig fleire delar av produksjonsprosessen mekaniserte, og det som kanskje var den fremste oppfinninga vart den holkortet-styrte vevmaskina, som Joseph Marie Jacquard fann opp i 1805 – ei såkalla «jacquardmaskin». Lenge vart fossekraft brukt direkte, som ved Kreenholmi Valduse ved Narvaelven aust i Estland, ein bomullsvarefabrikk etablert i 1857, som rundt århundreskiftet hadde 10 000 tilsette, og var blant dei største i verda. Seinare på 1800-talet overtok elektrisitet for kol og mekanisk vasskraft som energi. Ein importerte òg bomull frå koloniane i Egypt og India, og dette utkonkurrerte mange europeiske føretak som hadde basert seg på lin eller ull, m.a i Tyskland, der det vart stor sosial uro og hungersnaud. I Schlesien førte dette til ein «vevaroppstand» i 1844, der lin-vevarane i den tradisjonelle tekstilindustrien gjorde opprør mot import- og mekaniseringstrendane.
Storstilt etablering av tekstilindustri i India, Russland og ei rekkje andre land seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet kunne sjeldan å konkurrere med den effektive engelske produksjonen, som var leiande innan arbeidsproduktivitet.[5] Tabellen under viser korleis tekstilindustrien utvikla seg under den industrielle revolusjonen i nokre utvalde land: Kolonne 1 viser året då det første bomullsspinneriet vart etablert.[6] Kolonne 2-3 viser kor mange ringspinnemaskiner frå engelske Platt & Co som vart tinga i tjueårsperiodar før og etter den første verdskrigen. Kolonne 4 viser fraktkostnaden for eksportert bomullstøy frå England. Kolonne 5-7 viser handelsbalansen med fabrikkerte bomullsprodukt i 1910. Kolonne 8 viser det relative kostnadsnivået for produksjonen i bomullsindustrien, justert for mengda arbeidstimar som gjekk med til ei lik produksjonsmengd.[7] Tabellen viser tydeleg den britiske dominansen i tekstilhandelen, og korleis industriland som Frankrike og Tyskland knapt var sjølvforsynte. Sjølv land med låge produksjonskostnader, som India og Kina, hadde stor import frå England.
Land | Første mekaniske bomulls- spinneri |
Sett ringspinne- maskiner tinga frå Platt & Co. 1890-1914 |
Sett ringspinne- maskiner tinga frå Platt & Co. 1915-1936 |
Kostnad i £, frakt 40 fot³ bomullstøy frå England
|
Handels- balanse mill. $ Bomullstråd 1910 |
Handels- balanse mill. $ Grått bom.tøy 1910 |
Handels- balanse mill. $ Farga bom.tøy 1910 |
Kostnader i bomulls- industrien England=100 1910 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
England | 1771 | 110 | 74 | .. | 83 | 100 | 270 | 100 |
Frankrike | 1778 | 41 | 31 | .. | -3 | 4 | 22 | 95 |
Tyskland | 1784 | 47 | 6 | .. | -11 | -3 | 29 | 100 |
USA (aust) | 1791 | 2 | 0 | .. | .. | .. | .. | 159 |
Russland | 1793 | 131 | 23 | .. | .. | .. | .. | 91 |
Sveits | 1794 | 3 | 0 | .. | .. | .. | .. | 115 |
Belgia | 1799 | 24 | 17 | .. | .. | .. | .. | .. |
Austerrike | 1801 | 4 | 4 | .. | .. | .. | .. | 85 |
Italia | ? | 69 | 29 | .. | .. | .. | .. | 81 |
Polen | ? | 41 | 8 | .. | .. | .. | .. | .. |
India | 1817 | 66 | 132 | 0,93 | 18 | -53 | -65 | 61 |
Tyrkia | ? | 0 | 6 | .. | -1 | -7 | -11 | .. |
Sentral-Amerika | ? | 3 | 1 | 2,38 | .. | .. | .. | .. |
Mexico | 1835 | 75 | 7 | .. | .. | .. | .. | 94 |
Brasil | 1846 | 95 | 43 | 3,25 | -2 | 0 | -9 | .. |
Argentina | ? | .. | .. | 1,75 | -3 | -1 | -25 | .. |
Japan | ? | 66 | 117 | 1,66 | 22 | 5 | -1 | 73 |
Kina | ? | 5 | 64 | 1,66 | -41 | -11 | -30 | 53 |
Australia | ? | .. | .. | 1,78 | -2 | -1 | -22 | .. |
Egypt | ? | 0 | 5 | -1 | -17 | .. | .. | |
Sjølvstendekampen til Mahatma Gandhi i India fekk næring frå arbeidarkampane som oppstod då billege, britiske tekstilar stadig utkonkurrerte indiske produkt prismessig. Etter den andre verdskrigen har derimot tekstilindustrien i stor grad blitt flytta frå Europa til Asia, grunna god tilgang på billeg arbeidskraft. Kina, India og Pakistan vert rekna som nokre av dei største produsentane.
Norsk tekstilindustri oppstod i industriell skala ved fossane dei øvre delane av Akerselva i Oslo midt på 1800-talet, og i resten av landet frå 1870-talet, basert på norsk ull og vasskraft. Ein tok i bruk mekanisk vasskraft (vasshjul) i starten, men seint på 1800-talet overtok elektrisiteten. Det har òg vore nisjeproduksjon basert på kokos (Mandal Kokosveveri), jute og lin.
Produksjonen trong òg rikelig reint ferskvatn til vasking og skylling, og difor vart fabrikkane gjerne lagt til stadar ved små elver der det var god tilgang på kraft. Ein brukte først vassmøller, og seinare elektrisitet som energikjelde i fabrikkane. I Noreg låg ullvarefabrikkane spreidde rundt om i landet med eit oppland av lokale bønder som leverte ull direkte til oppkjøparane til fabrikken – tidvis i direkte byte mot ullstoff og pledd.
I tabellen nedanfor står fabrikkar som enno er i drift i feit skrift:[8]
Namn | Kommune | Fylke | Grunnlagd | Nedlagd | Produkt |
---|---|---|---|---|---|
Haldens Bomuldspinderi & Væveri | Halden | Østfold | 1815 | Tråd, stoff | |
Drammens Bomuldspinneri,
seinare Solberg Spinderi |
Drammen,
Eker (Nedre Eiker) |
Buskerud | 1818 | Bomull- og linvarer | |
Nydalens Compagnie, seinare Tefas | Nydalen | Oslo | 1845 | 1954 | Stoff |
Ellendalens Spinderi | Nydalen | Oslo | 1846 | ||
Arne Fabrikker | Arna | Hordaland | 1846 | 1998 | Ullvarer, bomullsvarer |
Nedre Vøiens Bomuldsspinderi | Sagene | Oslo | 1846 | ||
Høie Fabrikker | Kristiansand | Vest-Agder | 1850 | Sengetøy | |
Joh. Petersen Aktieselskab | Bergen | Hordaland | 1852 | Dekketøy | |
Christiania Seildugsfabrik | Grünerløkka | Oslo | 1855 | Seilduk | |
Hjula Veveri | Sagene | Oslo | 1855 | 1957 | Stoff |
Fuglesangs Sønner AS / Ajungilak | Sagene | Oslo | 1855 | Vatt, soveposar | |
Salhus Tricotagefabrik | Bergen | Hordaland | 1859 | 1989 | Trikotasje |
DFU Grorud Tekstilfabrik | Grorud | Oslo | 1867 | 1962 | |
DFU Aalgaards Uldvarefabrikker | Gjesdal, Figgjo, Aasen | Rogaland | 1870 | Ullvarer | |
Helly Hansen | Moss, Oslo | Østfold | 1877 | Trikotasje | |
C. N. Lauritsens trikotfabrik | Oslo | Oslo | 1878 | Fritidsklede | |
Dale Fabrikker | Vaksdal | Hordaland | 1879 | 2014 | Trikotasje |
Berger og Fossekleven fabrikker | Svelvik | Vestfold | 1880 | 2003 | Stoffer, Ullvarer |
N. Sørensens trikotfabrik | Oslo | Oslo | 1883 | Trikotasje | |
Brænne, Bernhard AS | Trondheim | Sør-Trøndelag | 1883 | Ullvarer | |
Gudbrandsdalens Uldspinderi | Lillehammer | Oppland | 1887 | Tråd | |
Gudbrandsdalens Uldvarefabrik | 1887 | Stoff | |||
Sognefjorden Uldvarefabrik | Sogndal | Sogn & Fj | 1887 | 1972 | |
Sandnes Uldvarefabrik | Sandnes | Rogaland | 1888 | Ullvarer | |
H. Meyers Trikotasjefabrikk | Oslo | Oslo | 1888 | Sportsklede | |
Holm Hansen & Co konfeksjonsfabrikk | Oslo | Oslo | 1889 | Herreklede | |
Indvik Uldvarefabrik | Innvik | Sogn & Fj | 1890 | ||
Christiania Corsetfabrik / Okko | Oslo | Oslo | 1892 | Dameklede | |
Oslo Baand & Lidsefabrik | Oslo | Oslo | 1893 | 1970 | Band |
Sjølingstad Uldvarefabrik | Lindesnes | Vest-Agder | 1894 | 1984 | Stoff, pledd |
Salhus Væverier | Bergen | Hordaland | 1894 | 1977 | Stoff |
Espelandfos Spinderi & Tricotagefabrik / Janus | Arna | Hordaland | 1895 | Undertøy | |
Troldefos Uldvarefabrikk | Holmedal | Sogn & Fj | 1895 | Ullvarer | |
DFU Fredfoss Uldvarefabrik | Vestfossen | Buskerud | 1895 | Ullvarer | |
Stenersens Konfeksjonsfabrik | Oslo | Oslo | 1897 | Herreklede | |
Herkules Confektionsfabrikker | Oslo | Oslo | 1898 | Herreklede | |
Tingvoll Ullvarefabrikk | Tingvoll | Møre og Romsdal | 1898 | 1967 | Ullvarer |
DFU Frysja Uldvarefabrik | Nydalen | Oslo | 1955 | Ullvarer | |
Oslo Flaggfabrikk | Oslo, Høland | Oslo | 1902 | Flagg | |
Oslo Plissé-Fabrik | Oslo | Oslo | 1902 | Band, faner, knappar | |
Bergens Tekstilfabrikk | Bergen | Bergen | 1903 | 1959 | Herreklede, vattolin |
Blystad Fabrikker | Sagene | Oslo | 1906 | Band, belte | |
Viking Gummivarefabrikk | Asker | Akershus | 1906 | 1913 | Kalosjar |
Viking Gummivarefabrikk | Askim | Østfold | 1921 | Kalosjar m.m. | |
Sandnes Kamgarn Spinneri | Sandnes | Rogaland | 1906 | 1986 | Garn |
Evebøfoss Fabrikker | Sandane | Sogn & Fj | 1910 | Ullvarer | |
Gustav Skogsfjord AS | Oslo | Oslo | 1910 | Fritidsklede | |
Sygna Uldvarefabrik | Leikanger | Sogn & Fj | 1910 | 1982 | Ullvarer |
Bergans Meis & Ryggsekk AS | Oslo | Oslo | 1911 | Sportsutstyr | |
Joh. Aass & Co. | Oslo | Oslo | 1913 | Trikotasje | |
Pelly's Konfeksjonsfabrikk | Oslo | Oslo | 1914 | Arbeidsklede | |
De Forenede Ullvarefabrikker | Ålgård-Aasen-Fredfos-Frysja-Grorud | 1916 | 1990 | ||
Mandal Veveri | Mandal | Vest-Agder | 1918 | Bunadstoff | |
Bredesen & Jørgensen AS | Oslo | Oslo | 1918 | Sportsutstyr | |
Norske Konfektionsfabriker Herrekonfektion AS | Oslo | Oslo | 1918 | Herreklede | |
Norske Konfektionsfabriker Herrekonfektion AS | Lillehammer | Oppland | 1946 | Herreklede | |
Kristiania Leggings- & Gamachefabrik | Oslo | Oslo | 1919 | Sportsklede | |
Førde Ullvarefabrikk | Førde | Sogn & Fj | 1919 | Ullvarer | |
Birkelund Trikotasjefabrikk | Salhus | Hordaland | 1920 | 1959 | Trikotasje |
Øistein Stokkeland & Co | Oslo | Oslo | 1921 | Dameklede | |
DFU Heggedal Ullvarefabrikk | Asker | Akershus | 1921 | 1958 | Stoff |
Trondhjems Konfektionsfabrik | Trondheim | Sør-Trøndelag | 1923 | 1980 | Herreklede |
Leif W. Nielsen AS | Oslo | Oslo | 1925 | Linsaum, dameklede | |
Sellgrens Veveri | Trondheim, Tingvoll | 1926 | Møbelstoff | ||
Rauma Ullvarefabrikk | Veblungsnes | Møre og Romsdal | 1927 | Stoff | |
Amorett Konfektionsfabrik | Oslo | Oslo | 1927 | Dameklede | |
O. Folkedals Farveri | Oslo | Oslo | 1927 | Trikotasje | |
A. Stokstad & Co | Oslo | Oslo | 1927 | Dameklede | |
Norrøna Sport | Asker | Akershus | 1929 | Sportsutstyr | |
Norsk Kamgarn Industri | Oslo | Oslo | 1931 | Garn | |
Norrøna Trikotasjefabrik | Oslo | Oslo | 1932 | Undertøy | |
Norena Paraplyfabrikk AS | Oslo | Oslo | 1932 | Paraplyar | |
Ihle & Nielsen AS | Oslo | Oslo | 1933 | Dameklede | |
Gerners Konfeksjonsfabrikk | Oslo | Oslo | 1934 | Dameklede | |
Røros Tweed | Røros | Sør-Trøndelag | 1935 | Teppe | |
Sandvika Veveri | Bærum | Akershus | 1936 | Stoff | |
Tele Silkeveveri | Notodden | Telemark | 1936 | Silketrikot | |
Condor Konfeksjonsfabrikk | Haugesund | Rogaland | 1929 | Herreklede | |
Odlo / Union Farveri og Silkeveveri | Akershus | 1945 | |||
Scandia Konfeksjonsfabrikker | Ø Toten, Oslo | 1947 | Dameklede | ||
Mosjøen Veveri | Vefsn | Nordland | 1953 | Stoff | |
Oleana | Arna | Hordaland | 1992 | Trikotasje | |
Stormberg | Kristiansand | Vest-Agder | 1998 | Sportsklede | |
Bj Sport | Oslo | Oslo | 2007 | Sportsklede | |
Fabrikkane merka DFU gjekk i 1916 saman i Dei Forenede Ullvarefabrikkar for å effektivisere produksjon og omsetnaden. I mellomkrigstida fekk industrien ein oppsving på 1930-talet, men etter den andre verdskrigen starta nedgangsperioden, og dei siste produksjonane vart nedlagde på 1970 og 80-talet, eller omstilte til nisjeproduksjon med masseproduksjonen lagt til utviklingsland eller Aust-Europa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.