From Wikipedia, the free encyclopedia
Jute er ein tekstilfiber laga av stilkar frå juteplantar (Corchoru capsularis og C. olitorius). Fiberen blir særleg brukt til å laga grovt lerret (strie) til sekkar og liknande, men kan også spinnast til mjukt stoff som kan brukast til klede. Jute stammar frå Sør-Asia der ein har dyrka planten sidan minst 800 f.Kr.
Juteplantar veks i fuktig, tropisk klima og er særleg vanlege i Asia. Dei blir opptil 5 meter høge, medan jutetrevlane ein gjer om til fiber som regel er 1–2,5 m lange. Dei er mjuke, silkeglinsande og gulkvite eller sølvgrå. Utvinninga skjer ved avskrelling og påfølgjande gjæring (røyting) i 8–10 dagar.
Jute blir brukt til framstilling av teppe, linoleum, veggtapet, møbelstopping, sekkestrie, vesker, tau, papir[1] og klede, der blanding med silke, bomull og ulike kunstfiber kan gje ulike stoffkvalitetar.
Jute er ikkje så sterkt som lin og tapar styrke når han blir våt. Stoffet blir raskt brote ned i sollys og mørknar. Nedbryting og endring kan vera eit problem når stoffet til døme blir brukt som teppebotn, men kan også vera ønskeleg, som når ein ønsker eit midlertidig, nedbrytbart materiale i naturen.
Bangladesh er den største juteprodusenten i verda, og rundt ein fjerdedel av innbyggjarane i landet er på eitt eller anna vis involvert i juteindustrien. Bruken av jute har gått ned etter at kunstfiber har teke over mange av bruksområda hans, og juteproduksjon er derfor mykje mindre lønnsomt enn det brukte å vera.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.