From Wikipedia, the free encyclopedia
Tanja Poutiainen (fødd 6. april 1980) er ein finsk tidlegare alpinist frå Rovaniemi som vann fire VM-medaljar og ein OL-medalje i storslalåm og slalåm. Ho vann FIS-pokalane som beste utøvar i både slalåm og storslalåm i 2005-sesongen og i storslalåm i 2009.
Tanja Poutiainen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 6. april 1980 (44 år) Rovaniemi |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 2010, Vinter-OL 2014, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 2006 – Storslalåm kvinner |
I 1997 vart Poutiainen junior-verdsmeister i slalåm. To veker seinare deltok ho i sitt fyrste verdscuprenn. Hennar og Finlands fyrste pallplassering i eit verdscuprenn i alpine kom 9. desember 2001 i Sestriere, der ho vart nummer to bak svenske Anja Pärson. I februar 2004 stod ho på toppen av sigerspallen i verdscupen for fyrste gong, og det på finsk heimegrunn i Levi der ho vann eit slalåmrenn framon Elisabeth Görgl frå Austerrike.
Gjennom 2005-sesongen kapra Poutiainen ti pallplassar, av dei fire sigrar. Ved sesongslutt stod ho att som vinnar av både slalåm- og storslalåm-cupen, og kom på femteplassen i verdscupen i alpine greiner. Under VM 2005 i Santa Caterina enda ho opp med to sølvmedaljar: I storslalåm bak svenske Anja Pärson, og i slalåm bak kroatiske Janica Kostelić.
Under Vinter-OL 2006 tok Poutiainen ein ny sølvmedalje i storslalåm, bak Julia Mancuso frå USA. Ved alpint-VM 2009 i Val-d’Isère fekk ho bronsemedaljar i storslalåm såvel som slalåm. I 2009 vann ho elles FIS-pokalen i storslalåm for andre gong. Sjetteplassar i slalåm var hennar beste resultat både under vinterleikane 2010 og alpint-VM 2011. I januar 2011 vann Poutiainen sin 11. og siste rennsiger i verdscupen i ei slalåmtevling i Flachau.
Poutiainen deltok i sitt niande verdsmeisterskap i alpine greiner i 2013. Etter fyrste slalåmomgangen låg ho på andreplassen, men etter ein heller svak andreomgang førte henne på fjerdeplass. Ved sesongslutt i 2014 la ho konkurranseskia på hylla.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.