From Wikipedia, the free encyclopedia
Tales of Mystery and Imagination (Edgar Allan Poe) er debutalbumet til det britiske rockebandet The Alan Parsons Project. Det kom ut 1. mai 1976 i USA på 20th Century Fox Records og 1. juni 1976 i Storbritannia på Charisma Records. Tekstane og musikken på albumet er baserte på skrekksogene og dikta til Edgar Allan Poe, og tiltrekte seg eit kultpublikum. Tittelen på albumet er henta frå tittelen av ei samling makabre soger av Poe med same namn.
Tales of Mystery and Imagination Studioalbum av The Alan Parsons Project | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. mai 1976 | |
Innspelt | Juli 1975 til januar 1976 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 42:38 | |
Selskap |
| |
Produsent | Alan Parsons | |
The Alan Parsons Project-kronologi | ||
---|---|---|
Tales of Mystery and Imagination | I Robot (1977)
| |
Singlar frå Tales of Mystery and Imagination | ||
|
Musikarar på albumet er mellom andre vokalisten Arthur Brown frå The Crazy World of Arthur Brown på «The Tell Tale Heart», John Miles på «The Cask of Amontillado» og «(The System of) Dr. Tarr and Professor Fether» og Terry Sylvester frå The Hollies på «To One in Paradise». Heile besetninga frå banda Ambrosia og Pilot spela på plata i lag med klaverspelaren Francis Monkman frå Curved Air og Sky.
Tales of Mystery and Imagination nådde 38. plassen på Billboard's Pop Albums-lista. Songen «(The System Of) Doctor Tarr and Professor Fether» nådde 37. plassen på Pop Singles-lista og 62. plassen i Canada.[1]
«The Raven» hadde skodespelaren Leonard Whiting på solovokal og Alan Parsons på vokal gjennom ein vocoder. I følgje notata i plateomslaget var «The Raven» den første rockesongen som nytta ein digital vocoder. Innleiinga til «The Fall of the House of Usher» er henta direkte frå operaen «La chute de la maison Usher» av Claude Debussy, komponert mellom 1908 og 1917, men dette er ikkje oppført i omslaget.[2] «The Fall of the House of Usher» er ein instrumental suite som strekkjer seg over 16 minutt og tar opp det meste av side to.
Plateomslaget var laga av Hipgnosis. Storm Thorgerson sa at Eric Woolfson og Parsons ønskte eit design av «høg klasse», inkludert eit teksthefte, lister over medverkande og ein kronologi om livet til Poe. Han skildra det tilbakevendande bilete av ein «teipa» mann:[3]
Poe var oppteken av innesperring. Mange av karakterane hans har blitt innesperra på ein eller annan måte - i kister, bak murveggar eller under golvbord. Me kom opp med den 'teipa' mannen - ein mumieaktig figur som er innhylla, ikkje i bandasjar, men med 2" kassetteip. Dette motivet er dels skrekk-aktig, i tillegg til å vere 'innesperra', og lydbandet indikerer at albumet er gjort av ein produsent i studio, i motsetnad til eit band som speler på ein scene. Sjølv om klientane likte ideen, ønskte dei ikkje eit fotografisk omslag, men i staden ein presis, grafisk representasjon. Den smale stripa med illustrasjonar av [[George [Hardie]]] syner ein lang skugge av den teipa mannen.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [4] |
Rolling Stone | (middels)[5] |
Albumet fekk blanda mottaking i musikkpressa. Billy Altman i Rolling Stone konkluderte med at det ikkje heilt klarte å gjenskape spaninga og den makabre frykta til Poe, og enda med å hevde at «tilhengjarar av gotisk litteratur må nok vente på nokon med meir av det makabre i blodet for ei sannare musikalsk utgåve av dei skrekkskapande verka til Poe.»[6] Likevel fekk albumet ein kultstatus blant fansen til Alan Parsons Project. I juli 2010 vart albumet av magasinet Classic Rock, nr. til eit av dei 50 albuma som bygde progrock.[7]
Opphavleg vart albumet berre kalla The Alan Parsons Project, og vart ein stor nok suksess til at det oppnådde gullplate i USA.
Den originale utgåva var tilgjengeleg på vinyl og kassett i fleire år, men det tok litt tid før det kom ut på CD. I 1987 miksa Parsons albumet heilt på ny, og inkluderte gitarpassasjar og forteljing (av Orson Welles), i tillegg til at produksjonsstilen vart oppdatert med mykje bruk av etterklang og gated reverb på skarptromma, som var populært i 1980-åra. I omslaget til CD-en står det at Welles aldri møtte Parsons eller Eric Woolfson, men sende eit lydband av opptaka sine til dei kort tid etter albumet vart trykt i 1976.
Den førte passasjen fortalt av Welles på 1987-utgåva (som kom før det første sporet, «A Dream Within a Dream») er henta frå eit obskurt stykke av Poe – No XVI av hans Marginalia (frå 1845 til 1849 kalla Edgar Allan Poe somme av tankane sine og fragment av soger «Marginalia.») Den andre passasjen Welles las (som kom før «The Fall of the House of Usher») verkar å kome frå ikkje-fiksjon av Poe, hovudsakleg frå ei samling dikt kalla «Poems of Youth» av Poe (frå «Introduction to Poems – 1831» i ein seksjon kalla «Letter to Mr. B-----------». «Shadows of shadows passing»-delen av sitatet kjem frå Marginalia.
I 1994 gav Mobile Fidelity Sound Lab (MFSL) ut den originale utgåva frå 1976 på CD, som då vart tilgjengeleg digitalt for første gongen.
I 2007 kom ei luksusutgåve ut på Universal Music med begge versjonane frå 1976 og 1987 og ny ommastra lyd av Alan Parsons. Desse inneheldt i tillegg åtte bonusspor.
Ein variant av songen «The Raven» finst på Eric Woolfson-albumet Edgar Allan Poe (2009), som inneheld den komplette musikken frå musikalen med same namn som Woolfson sette opp i 2003. Varianten finst ikkje på plata Poe: More Tales of Mystery and Imagination frå 2003, som er ei forkorta utgåve av musikalen. På denne varianten er basslinja og klaverakkordane frå originale Tales of Mystery and Imagination mogeleg å høyre, men dei er rolegare, og sporet har ikkje vocoder, og i staden ei forkorta utgåve av Poe-diktet sungen. Alan Parsons-albumet A Valid Path inneheld «A Recurring Dream Within a Dream», ei blanding av «A Dream Within a Dream» og «The Raven» med element av elektronisk musikk.
Slough Feg spelte «The Tell-Tale Heart» på albumet The Animal Spirits i 2010.
Alle songar er skrivne av Eric Woolfson og Alan Parsons, utanom «The Fall of the House of Usher» av Woolfson, Parsons og Andrew Powell.
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «A Dream Within a Dream» | Instrumental | 4:14 |
2. | «The Raven» | Alan Parsons, Leonard Whiting | 3:57 |
3. | «The Tell-Tale Heart» | Arthur Brown (ekstra vokal: Jack Harris) | 4:38 |
4. | «The Cask of Amontillado» | John Miles (ekstra vokal: Terry Sylvester) | 4:33 |
5. | «(The System of) Dr. Tarr and Professor Fether» | John Miles (ekstra vokal: Jack Harris) | 4:20 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Fall of the House of Usher
| Instrumental | 16:10 |
2. | «To One in Paradise» | Terry Sylvester (ekstra vokal: Eric Woolfson, Alan Parsons) | 4:46 |
Opplesinga til Orson Welles finst ikkje på den originale miksen frå 1976, berre nymiksen frå 1987, særskild på «A Dream Within a Dream» og innleiinga til «The Fall of the House of Usher».
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «The Raven» (original demo) | |
13. | «Edgar» (ikkje-utgjeve spor) | |
14. | «Orson Welles Radio Spot» | |
15. | «Interview with Alan Parsons and Eric Woolfson» (1976) | 0 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
12. | «Eric's Guide Vocal Medley» | |
13. | «Orson Welles Dialogue» | |
14. | «Sea Lions in the Departure Lounge» (lydeffektar og eksperiment[8]) | |
15. | «GBH Mix» (eksperiment) |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1976 | The Billboard 200 | 38 |
1976 | UK Albums Chart | 56 |
1976 | Canada | 81 |
1976 | Den spanske albumlista | 17 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.