From Wikipedia, the free encyclopedia
T-80 er ei sovjetisk stridsvogn og ei videreutvikling av T-64. Produksjonen starta i 1983, og den nyaste varianten T-84 vert framleis produsert i Ukraina. Den var den første gassturbindreve stridsvognserien i verda. Den har mange utvendige likskapstrekk med T-72, men er betre pansra og mekanisk heilt annleis. Vogna vert produsert hjå fabikken Omsktransmasj i Omsk.[1] Denne fabrikken gjer òg stridsvogna klar for teneste i arktiske strok.[2]
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
T-80 vart utvikla ved Leningrad Kirov-fabrikken (LKZ) under leiing av Nikolai S. Popov. Prototypen vart kalla Objekt 219 og fekk ein GTD-1000T gassturbin som motor. Den kom i teneste i 1976.
Produksjonen vart først starta i Leningrad, men førsteutgåva vart ikkje bygd i stort mengd. Den vart snart følgd av T-80B, som hadde vorte utvikla som Objekt 219R.
Sidan lanseringa har T-80 vorte oppgradert mange gonger. Fleire land har kjøpt inn T-80 for testing, mellom anna Frankrike, Tyskland, India, Sverige, Storbritannia og USA. Kina kjøpte 200 T-80U seint i 1993. I 1999 kjøpte Kypros 41 vogner for heimevernet sit, og desse vart levert rett frå lager i Omsk, då fabrikken hadde ei mengd T-80U som ikkje hadde vorte levert til den russiske hæren på grunn av finansieringsproblemer.
Vognføreren sit framme i skroget, med vognkommandøren til høgre og skytteren til venstre i tårna. Pansringa er av sveist stål med ulike laminat. Kanona er med 125 mm glatt løp med høve til å fyra AT-8 Songster panservernsmissil. Motoren er ein gassturbin på 1 000 hestekrefter, kopla til ei manuell girkasse med fem gir framover og eitt i revers.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.