Slireknefamilien (av slire og kne) eller syrefamilien (Polygonaceae) er ein plantefamilie i ordenen Caryophyllales. Han omfattar rundt 1 100 artar fordelt på 46 planteslekter.
Slireknefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Slireknefamilien Polygonaceae Juss., 1789 |
Artane i syrefamilien har spreidde, heilranda blad og ei karakteristisk slire av samanvaksne øyreblad rundt kvar ledd i stengelen. Dei undersitjande blomstrane er små og kvite, grøne eller raudlege, og har 3-6 blomedekkblad, 5-9 støvberarar og ein fruktknute med 2-4 griflar. Blomstrane er som regel tvikjønna og sit anten enkeltvis i bladhjørna eller i aksforma blomsterstandar. Frukta er ei trekanta eller flat nøtt som ofte er omslutta av sterkt forstørra blomsterdekkblad. Dei forstørra blomsterdekkblada har som regel store korn midt på.
Familien omfattar ein del ugrasplantar, særleg i syreslekta (Rumex). Desse kan vera ei plage i landbruket. Rabarbra (Rheum) høyrer også til syrefamilien. Mange av artane inneheld mykje oksalsyre og kan derfor vera giftige.
Slekter
|
|
|
|
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.