From Wikipedia, the free encyclopedia
Synnøve Thoresen (fødd 6. mai 1966) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Simostranda IL som vann eitt verdscuprenn.
Synnøve Thoresen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mai 1966 (58 år) |
Idrett | skiskyting |
Den 15. mars 1988 overraska Thoresen ved å vinne 7,5 km sprint i verdscupen i skiskyting i finske Jyväskylä. I 1989 gjekk ho på det norske laget som tok sølvmedaljar i lagtevlinga i verdsmeisterskapen, dei andre på laget var Elin Kristiansen, Anne Elvebakk og Mona Bollerud. Året etter kom ho på sjetteplassen på 15 km under VM i skiskyting 1990 i Minsk, hennar fremste individuelle prestasjon i eit stort internasjonale meisterskap. Under skiskytings-VM 1991 i Lahti tok ho nok ein medalje i lagtevlinga, den gongen saman med Signe Trosten, Hildegunn Fossen og Unni Kristiansen.
I tida 1987-91 sikra Thoresen seg tre sølv- og to bronsemedaljar i noregsmeisterskap i skiskyting. Ho la opp etter 1993-sesongen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.