Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Minsk (belarusisk Менск, Мінск; russisk Минск) er hovudstad og største by i Belarus og Minsk voblast ved elvene Svislotsj og Niamiha. I 2024 hadde byen om lag 2 millionar innbyggjarar. Han ligg ved elva Svislotsj.[1]
Minsk | |||
hovudstad | |||
Sigersplassen i sentrum av Minsk. | |||
|
|||
Land | Belarus | ||
---|---|---|---|
Voblast | Minsk | ||
Høgd | 280 m | ||
Areal | 409,500 km² | ||
Folketal | 1 992 862 (1. januar 2024) | ||
Grunnlagd | 1067 | ||
Tidssone | EET (UTC+3) | ||
Postnummer | 220001–22141 | ||
Retningsnummer | +375 17 | ||
Bilnummer | 7 | ||
Minsk 53.902246°N 27.561837°E | |||
Kart som viser Minsk.
| |||
Wikimedia Commons: Minsk | |||
Minsk er det kulturelle og industrielle sentrumet i Belarus. Industrien omfattar produksjon av transportmiddek, næringsmiddel, kjemikaliar og ulike forbruksvarer. Byen er eit veg- og jernbaneknutepunkt med internasjonal lufthavn. Det finst også ein tunnelbane i byen.[1]
Minsk vart grunnlagt som del av eit vikingrike på 900-talet og vart seinare underlagt Polen-Litauen. Frå 1569 var han ein delstatshovudstad i Den polsk-litauiske realunionen. I 1655 vart Minsk erobra av russarane, men vart teken tilbake av Polen-Litauen. Byen vart igjen annektert av Russland ved Polens andre deling i 1793. Han blei hærteken av Napoleon sin hær i 1812.[1]
I perioden mellom 1919 og 1991 var Minsk hovudstad i Kviterussiske SSR. Under andre verdskrigen vart Minsk bomba alt første dagen av det tyske åtaket på Sovjetunionen, 22. juni 1941. Fire dagar seinare vart byen teken. Nokre fabrikkar, museum og titusenvis av sivile hadde likevel alt vorte evakuerte austover. Tyskarane gjorde Minsk til administrasjonssenter for «Reichskomissariat Ostland», og behandla sivilfolket svært brutalt. Kommunistar vart fengsla eller avretta, og tusenvis av sivile vart tvinga inn i slavearbeid både lokalt og i Tyskland. Tusenvis svalt i hel då tyskarane rekvirerte det meste av maten i området og det mest ikkje var betalt arbeid å få. Minsk vart etter kvart eit senter for sovjetisk partisanverksemd. I ghettoen stua nazistane saman over 100 000 jødar. Dei fleste vart drepne. Minsk vart frigjord 3. juli 1944 under den store sovjetiske offensiven Operasjon Bagration. Men då var mesteparten av byen ein ruinhaug, og det meste måtte byggjast opp på ny. Før andre verdskrigen hadde Minsk 300 000 innbyggjarar. Ved frigjeringa i 1944 var det berre 50 000 att.[treng kjelde]
Universitetet i Minsk er frå 1921. Byen har også fleire høgskolar og institutt.[1]
Domkyrkja i byen er frå 1622.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.