Sylting er ein teknikk for konservering av frukt, bær, grønsaker og sopp.[1] Han inneber som regel å koka ingrediensen ein vil sylta saman med sukker og eventuelt pektinstoff, alginat eller andre fortjukkingsmiddel.[2] Ein ender då opp med eit stivt eller geléaktig produkt som kan kallast syltetøy, marmelade, gele eller chutney. Sukkeret verker som konserveringsmiddel. Ei anna form for sylting er sursylting, der ein sylter ved hjelp av salt og sur lake. Produktet blir gjerne kalla pickles.[2] Ein kan også sylta utan å koka råvarene, såkalla råsylting.[2]
Etter kokinga har ein produktet i lufttette ilåt, som hermetikkglas.[2]
Konsververingsmiddel og tilsetjingar
I tillegg til pektin, som kan finnast naturleg i mange sylteingrediensar, kan ein bruka andre konserveringsmiddel som anten også finst i ingrediensane eller blir tilsette. Dette kan til dømes vera sorbinsyre eller sorbat og benzosyre eller benzoat.[2] Surleiksregulerande middel som askorbinsyre hindrar oksidasjon og bidreg dermed til betre haldbarheit, mellom anna ved å bevara fargen.[2] I chutney kan ein tilsetja ulike krydder og smakstilsetjingar, som lauk, ingefær og chili.[2]
Ved sursylting legg ein grønsaker som små agurkar, lauk eller gulrøter i saltvann og deretter i lake med eddik. Desse kan også vera tilsette krydder og sukker.[2]
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.