Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hermetikk, òg kalla konserves eller heilkonserves, er matvarer som ligg i lufttett emballasje, vanlegvis ein tett boks av metall. Innhaldet har vorte sterilisert ved oppvarming i samband med at emballasjen vert lukka lufttett, slik at innhaldet vert bakteriefritt, og soleis kan halde seg lengje. Metoden, som vert kalla hermetisering, går vanlegvis føre seg på det viset at den lukka boksen vert varma opp til 120 grader i tre minutt.[1] Slik hermetikk kan halda seg ved romtemperatur i minst 1 år og i nokre høve 20–30 år.[1] Etter dagens standardreglar vert innhaldet merka som haldbart i tre til fem år.
Hermetikk kan òg leggjast ned på glas som vert lukka lufttett, slik det er vanleg ved hermetisering av syltetøy, frukt og bær i heimane. Innhaldet må då òg verte sterilisert ved oppvarming, og det er viktig at lokket vert lagt på før innhaldet vert for mykje avkjøla.
Ikkje alle matvarer som ligg i lufttett metallboks er hermetikk. Fisk som er mogna eller gjæra, som til dømes joleansjos, gaffelbitar og anna, er ikkje bakteriefri og må lagrast kjølig, jamvel om maten ligg i uopna metallboks. Slike produkt vert kalla halvkonserves.
Ordet «hermetikk» kjem frå fransk hermétique og er avleidd frå mellomalder- eller nylatin hermeticus av namnet på den greske guden Hermes Trismegistos som hadde eit segl som kunne lukka noko lufttett.[2]
Den franske konditoren Nicolas Appert vann ein pris i 1809 for å ha utvikla ein metode for å konservera matvarer til militært bruk.[1] Konserveringsmetoden hans var eit viktig framsteg på ei tid då fleire soldatar døydde av svolt og matforgifting enn i kamp.
Den tidlege hermetikken blei ikkje varma opp til ein høg nok temperatur for konservering, men blei berre kokt, og heldt seg difor ikkje så lengje. Sonen til Appert, Raymond Chevalier Appert, fann opp og tok patent på autoklaven (trykkokar med overtrykk på 1 bar) rundt 1870. Dermed kunne hermetikken steriliserast.
Den første hermetikkfabrikken i Noreg blei grunnlagd av Chr. August Thorne i 1841 i Drammen, der ansjos blei lagt ned hermetisk.[1] Hermetikkindustrien spreidde seg gjennom 1860-talet nedover sørlandskysten og vidare til Sunnhordland.[1]
På 1870-talet kom fiskehermetikkindustrien for alvor i gang på Vestlandet, og dei første eskene med brisling i olivenolje blei marknadsførte i 1879.[1] Dette var lenge ein norsk verdsartikkel som hadde ei stordomstid frå 1900 til 1920. I 1931 blei Hermetikkindustriens Laboratorium innvigd i Stavanger.
Stavanger blei etterkvart eit tyngdepunkt for norsk hermetikkproduksjon, og frå 1890-åra til 1960 var det den største næringa i byen. I dag held Norsk Hermetikkmuseum til i lokala til ein gammal hermetikkfabrikk i Stavanger.
Kjøleskap og fryseboks var teknologiske nyvinningar som gjorde hermetikkindustrien mindre viktig. I 2001 blei det produsert 23 millionar hermetikkboksar i Noreg, mot ein produksjonen på 170 millioner boksar i 1970-åra.
Etikettar frå hermetikkboksar, på norsk ofte kalla iddisar,[3] er samleobjekt. Iddisklubben Norway Brand blei skipa i 1987. Det finst eit iddisarkiv som har registrert over 30 000 forskjellige hermetikketikettar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.