«Sweet Caroline» er ein softrocksong skriven og framført av Neil Diamond og offisielt gjeve ut 16. september 1969 på singel. Han vart sidan gjeven ut i desember 1972 på konsertalbumet Hot August Night. Det finst tre forskjellige miksar av songen. Den originale mono-versjonen har eit markant orkester og klokkespel, samanlikna med stereoversjonen som vart gjeve ut på albumet Brother Love's Travelling Salvation Show i 1969. Ein tredje versjon var ein miks som først vart gjeve ut på CD-utgåva av His 12 Greatest Hits. Denne versjonen hadde lyden av orkesteret skrudd ned og korvokalen skrudd opp. Uttoninga er òg lengre. Songen nådde fjerdeplassen på Billboard-lista i USA og selde etter kvart til platinaplate for 1 million selde eksemplar.[1]
Sweet Caroline av Neil Diamond | ||
B-side |
«Dig In» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. september 1969 | |
Sjanger | Softrock, pop | |
Lengd | 3:21 | |
Selskap | UNI/MCA | |
Komponist | Neil Diamond | |
Tekstforfattar | Neil Diamond | |
Låtskrivar(ar) | Neil Diamond | |
Produsent | Tommy Cogbill Neil Diamond Chips Moman | |
Neil Diamond-kronologi | ||
«Brother Love's Traveling Salvation Show» (1969) |
Sweet Caroline | «Holly Holy» (1969)
|
Hausten 1969 spelte Diamond «Sweet Caroline» på fleire fjernsynsshow. Han nådde sidan åttandeplassen på singellista i Storbritannia i 1971. I 2007 fortalte Diamond at inspirasjonen hans for «Sweet Caroline» var dottera til president John F. Kennedy, Caroline Kennedy, som var elleve år på den tida.[2][3] Diamond song songen til ho på 50-årsdagen hennar i 2007.[4]
«Sweet Caroline» har vore mykje brukt ved idrettskonkurransar i USA, og har særleg vorte knytt til Boston.[5] On opening night of the 2010 season at Fenway Park, the song was performed by Diamond himself.
20. april 2013, nokre dagar etter Boston-bombinga framførte Neil Diamond songen i lag med publikum føre ein baseballkamp, etterfølgd av eit minutts stille. Songen vart òg spelt føre starten på Hamburg maraton i Hamburg i Tyskland, dagen etter, etterfølgd av eit minutts stille.[6]
Andre versjonar
- Victor Wood spelte songen på albumet Mr. Lonely.
- Pierre Lalonde song i 1969 ein fransk versjon av songen kalla «Caroline».
- Andy Williams gav ut ein versjon i 1969 på albumet Get Together with Andy Williams.
- Bobby Womack spelte inn songen i 1972 for albumet Understanding.
- Frank Sinatra spelte ein storbandversjon av «Sweet Caroline» i 1974 for albumet Some Nice Things I've Missed.
- Me First and the Gimme Gimmes spelte ein punkrockversjon av songen i 1997 på albumet Have a Ball.
- I november 2001 gjekk Dustin the Turkey til topps på den irske singellista med songen.
- Dave Matthews Band gav ut konsertversjonar av songen på Live Trax, Vol.6: Fenway Park og Live Trax, Vol.9: Live at MGM Grand Garden Arena
- Elvis Presley spelte songen i 1970[7]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.