Svinesund

From Wikipedia, the free encyclopedia

Svinesund

59°5′46.831″N 11°15′37.235″E

Kjappe fakta Land ...
Svinesund
sund
Thumb
Bruene på Svinesund
Land  Noreg
Thumb
Svinesund
59.095833333333°N 11.259722222222°E / 59.095833333333; 11.259722222222
Wikimedia Commons: Svinesund
Lukk

Svinesund er eit sund i Ringdalsfjorden som utgjer ein viktig grensestad mellom Noreg og Sverige. Det ligg nær Halden i Noreg og Strömstad i Sverige. Sundet vart riksgrense i 1658; før dette var det grense mellom dei norske lena Båhus og Akershus. Det går to bruer over sundet, Svinesundsbrua frå 2005 og Gamle Svinesundsbrua frå 1946.[1]

Svinesund ligg i Ringdalsfjorden, som på svensk side vert kalla Idefjorden. Når ein kjem lengre inn i fjorden, vert han kalla Iddefjorden på norsk side. Svinesund er også namnet på ein gard i Halden kommune på den norske sida av sundet,[2] og på landområdet på den svenska sida av sundet, som på grunn av norsk grensehandel har bygd ut eit stort kjøpesenterområde.[3]

Historie

Thumb
Svinesund sett frå den gamle Svinesunsbrua
Thumb
Søylegården, Gamle Svinesund fotografert av Anders Beer Wilse i 1946.

Historisk har Svinesund vore ein viktig steinalderbuplass, dokumentert av Universitetet i Oslo åra før den nye Svinesundsbrua vart bygd. Det dreier seg dels om dei første hustuftene frå eldre steinalder funne i området ved Oslofjorden, frå 6000-7000 f.Kr, og dels om eit komplett gardsanlegg frå yngre steinalder, med heile åkersystem frå ca. 2400 f.Kr.[4]

I norrøn tid danna sundet grensa til Ranriket (i dag Bohuslän), som var landet mellom Göta älv og Svinesund.

Bygningen Gamle Svinesund, kalla Søylegården, fekk dagens form rundt 1850. Den gamle kongevegen gjekk opp rett bak denne staden, som også var meiningsfullt då kong Karl XII av Sverige var på besøk (1716–18), og som grensepoststad på 1700- og 1800-talet.

Det finst grensesteinar langs heile fjorden – ved Oscar Torp Heimen på norsk side vart han sett opp i strandkanten i 1904. På svensk side vart det sett opp tilsvarande målestein. Grensa mellom Noreg og Sverige går midt mellom steinane, ute i fjorden.

Under 2. verdskrigen fekk svenskane både ei bru og ein okkupert nabo å vakte på Svinesund.

Moderne tider

Svinesund har frå Noreg stemte nei til EU i 1994 gjennomgått ei monaleg endring. Svenske kremmarar og kapitalsterke nordmenn har teke farvel med handletelt og bygde opp kjøpesenter og store butikkar, som ikkje berre trekkjer til seg norske grensehandlarar. Forretningane på Svinesund og Nordby er også vorte dagleg arbeidsplass for fleire hundre grensependlande nordmenn. Grunnlaget for nyetableringane: Noreg har andre prisar på kjøt, tobakk og fleire andre varer enn EU-landet Sverige. At nordmenn på handletur til Svinesund og Strömstad handlar med seg varer som er dyrare enn i Noreg, har også vore medverkande til at uttrykket «harryhandel» ofte vert brukt om grensehandel. Uttrykket eksisterte før det vart brukt av Venstre-statsråden og eks-haldensaren Lars Sponheim.

Bruene på Svinesund

Thumb
Svinesundsbruen sett frå Hjelmkollen

Fram til 1900-talet kryssa ein Svinesund med ferje. I 1938 vedtok Den svenske Riksdagen og det norska Stortinget å bygga ei vegbru over sundet. Bygginga byrja i 1939, men i samband med andre verdskrigen blei mykje av brua øydelgd og byggearbeidet stoppa opp.[1] Den fyrste brua over sundet vart offisielt opna 15. juni 1946 av kong Haakon VII og den svenske kronprinsen Gustav Adolf.[5]

10. juni 2005 vart den nye brua over Svinesund offisielt opna av kong Harald og kong Carl Gustaf. Ho opna for biltrafikk 12. juni.

Biltrafikken over Svinesund auka kraftig etter at den nye Svinesundsbrua i fire felt opna.[6] Frå 2003 til 2012 auka den samla årsdøgntrafikken (ÅDT) frå 15 676 til 19 905. Biltrafikken består av grensehandlarar, turistar og pendlarar, og mange trailerar. Tungtrafikk utgjer 11-12 % av trafikken. I tillegg passerer fritidsbåtar og lastebåtar under bruene.

Bompengefinansieringa tok til 1. juli 2005 og vart avslutta 15. mars 2021.[7]

Det er berre ved den gamle brua det går å stoppe for å sjå og fotografere, og framleis går ein stor del av trafikken over denne, sjølv om ein må betale bompengar på begge.

Svinesund i kulturen

Svinesund ferjestad danna kulissene romanen Færgestedet av i Sven Elvestad frå 1928.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.