Sunnmøre er eit distrikt som utgjer den sørlege delen av Møre og Romsdal fylke. Distriktet ligg mellom Nordfjord i sør, Romsdal i nord og Ottadalen i søraust. Sunnmøre utgjorde tidlegare eit eige fogderi, Sunnmærafylki frå mellomalderen. I dag utgjer det to domssokn, Søre Sunnmøre og Sunnmøre, og tre prosti, Søre, Austre og Nordre Sunnmøre. På Sunnmøre ligg kommunane Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta, Ørskog, Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske og Haram; til saman 5 232 km2 med 141 604 innbyggjarar (1/10-2014).

Thumb
Kart over Møre og Romsdal fylke, med Sunnmøre markert i raudt.
Thumb
Geirangerfjorden med fossen Dei sju systrene.

Landskapet på Sunnmøre er sterkt oppskore med fleire store og små øyar langs kysten. Dei største øyane er Hareidlandet og Gurskøya. Det er også fleire lange og tronge fjordar i området; særleg kjend er Geirangerfjorden som er 15 kilometer lang. I indre strøk, mellom fjordane og dalane innanfor, ligg høge, sterkt kuperte fjellområde. Den høgste fjelltoppen på Sunnmøre er Pyttegga på 1999 moh.

Den største byen på Sunnmøre er Ålesund. I tillegg har området to andre byar: Ulsteinvik og Fosnavåg. Viktige større tettstader er Ørsta, Volda, Sykkylven, Hareid, Nordstrand (Valderøy), Stranda og Brattvåg.

Sunnmørsdialekten høyrer saman med nordfjordmål og sunnfjordmål til dei nordlege e-måla under dei vestlandske målføra ei gruppe der romsdalsdialekten ofte også er rekna med. Folk frå Sunnmøre blir kalla for sunnmøringar.

Namn

Sunnmøre[1] er den regionen ein i middelalderen kalla Sunnmǿrafylki. Ordet «møre»[2] kjem av den norrøne dativsforma «á Mǿri» av mǿrr som tyder «land», truleg òg i samanheng med norrønt marr som tyder «hav». Tydinga blir då: «landet ved havet» eller «myrlandet». Sunnmøre må dermed tyde «den sørlege luten av landet ved havet».

Administrative inndelingar

Regionråd:

  • Sunnmøre regionråd: Alle kommunene på Sunnmøre. I tillegg kjem Sandøy og Vestnes i Romsdal.

Prosti i den norske kyrkja, alle under Møre bispedømme:

Kommunar på Sunnmøre

Meir informasjon Nr., Namn ...
Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform
1507 Ålesund kommune Ålesund Ålesund 632 Nynorsk
1511 Vanylven kommune Vanylven Fiskåbygd 000000000003026.00000000003 026 385 Nynorsk
1514 Sande kommune Sande Larsnes 000000000002438.00000000002 438 93 Nynorsk
1515 Herøy kommune Herøy Fosnavåg 000000000008968.00000000008 968 120 Nynorsk
1516 Ulstein kommune Ulstein Ulsteinvik 000000000008861.00000000008 861 97 Nynorsk
1517 Hareid kommune Hareid Hareid 000000000005322.00000000005 322 82 Nynorsk
1520 Ørsta kommune Ørsta Ørsta 000000000010958.000000000010 958 805 Nynorsk
1525 Stranda kommune Stranda Stranda 000000000004348.00000000004 348 866 Nynorsk
1528 Sykkylven kommune Sykkylven Sykkylven 000000000007617.00000000007 617 338 Nynorsk
1531 Sula kommune Sula Langevåg 000000000009720.00000000009 720 59 Nynorsk
1532 Giske kommune Giske Valderøya 000000000008691.00000000008 691 40 Nynorsk
1577 Volda kommune Volda Volda 000000000011093.000000000011 093 699 Nynorsk
1578 Fjord kommune Fjord Sylte 000000000002492.00000000002 492 1144 Nynorsk
Lukk

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.