Suler er ein familie, Sulidae, av sjøfuglar som stupdykkar etter fisk ved kystar og på ope hav. Dei varierer i lengd frå 60 til 85 cm og i vengespenn frå 141 cm til 174 cm. Vengene er lange, smale og skråstilte, halen er ganske lang og avsmalande, dei ytre stjertfjøra er kortare enn dei midtre. Flygemusklane er heller små og lasten på vengene vert høg. Det er kompensert av ei straumlinja, torpedoforma kroppsform.

Kjappe fakta
Sulefamilien
Thumb
Brunsule Sula leucogaster
(Foto: Duncan Wright)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Sulefamilien Sulidae
Reichenbach, 1849
Lukk

Sulene har trauste bein og føter med symjehud mellom alle fire tærne. Somme artar har bein og symjehud i kraftfulle og lyse farger som fangar merksemd. Nebbet har klår farge, det er langt, rett, konisk og kraftig ved rota. Øvre del av nebbet kurvar nedover mot spissen og kan bevegast opp for å gripe over store bytte. Naseopningane vert lukka under dukk. Auga er framoverretta for å gje samsyn og til hjelp for å berekne avstandar.[1]

Fjørdrakta har lys underside, raudfotsula kan ha lysebrun underside og mørkebrun overside. Sulene har ein gumpkjertel som skil ut eit voksfylt sekret som dei nyttar til å impregnere fjøra mot væte og skydde mot insekt. Generelt myter dei kontinuerleg for å oppretthalde normal flygeevne; halefjøra vert skifta ut uregelbunden, medan vengefjøra skiftast ut etappevis slik at det alltid er somme gamle fjør att, og somme halvt utvaksne vengefjør samstundes som vengefjører vert felt.

Artar

Suler i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.9 frå august 2014[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Sula
  • Maskesule, Sula dactylatra, Masked Booby, LC, Lesson, 1831
  • Nazcasula, Sula granti, Nazca Booby, LC, Rothschild, 1902
  • Blåfotsule, Sula nebouxii, Blue-footed Booby, LC, Milne-Edwards, 1882
  • Humboldtsule, Sula variegata, Peruvian Booby, LC, Tschudi, 1843
  • Brunsule, Sula leucogaster, Brown Booby, LC, Boddaert, 1783
  • Raudfotsule, Sula sula, Red-footed Booby, LC, Linné, 1766
Slekt Papasula
  • Christmassule, Papasula abbotti, Abbott's Booby, EN, Ridgway, 1893
Slekt Morus
  • Havsule, Morus bassanus, Northern Gannet, LC, Linné, 1758
  • Kappsule, Morus capensis, Cape Gannet, VU, Lichtenstein, 1823
  • Australsule, Morus serrator, Australasian Gannet, LC, Gray, 1843

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.