Sukkulent
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Sukkulentar (av latin succus, 'saftig') er plantar med utprega saftrike og tjukke stenglar eller blad. Dei har fleire metodar for å lagra vatn, og er særskilt tilpassa periodar med tørke. Slike tørkeplanter eller xerofyttar veks særleg i steppeområde, halvørken og ørken.
Sukkulentar er fleirårige, men blir aldri sterkt forveda. Cellevev som er rikt på vatn, dannar eut vassreservoar som planten kan bruka i tørketider. Dei fleste sukkulentar særmerker seg ved at spalteopningane deira er opne om natta og lukka om dagen. Dette gjer transpirasjonen og dermed vasstapet deira sterkt nedsett. Sukkulentar har også ei særskild form for fotosyntese. Gjennom dei opne spalteopningane tek dei opp karbondioksid om natta, og det blir danna mykje organisk syre (særleg eplesyre) i cellene. Når dei får lys avspaltar plantane så karbondioksiden frå syrene og assimilerar han på normal måte gjennom fotosyntese til sukker, stive og anna.
Ein deler gjerne sukkulentar inn i tre grupper:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.