From Wikipedia, the free encyclopedia
Sture Sivertsen (fødd 16. april 1966) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han vart verdsmeister på 10 km under VM 1993 i Falun, og var i tillegg med på å vinne stafettgull. VM-gull i stafett vann han også i dei to påfylgjande verdsmeisterskapa, Thunder Bay 1995 og Trondheim 1997. Under Nagano 1998 vart han olympiameister, også då på det norske stafettlaget. Fire år tidlegare, under OL 1994 på Lillehammer vann Noreg sølv på stafetten. I alle meisterskapa frå 1993 til –98 gjekk Sivertsen opningsetappen for Noreg. Under OL på Lillehammer tok han bronse på 50 km, i fylgje han sjølv hans beste OL-minne. Sesongane 1993 og 1994 var hans klart beste. Han tevla for Leirådal IF. Sivertsen vart fødd i Levanger, men bur i dag i Verdal.
Sture Sivertsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. april 1966 (58 år) Levanger kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, 1994 Vasaloppet |
Utmerkingar | Olavstatuetten |
Sivertsen debuterte i verdscupen i 1990 i Örnsköldsvik, der vart nummer åtte. Hans første pallplassering i verdscupen kom i Oslo i 1991 med tredjeplass på 50 km. VM-sigeren i 1993 var elles hans einaste siger i verdscupen. Siste pallplasseringa hans i verdscupen kom i Falun i 1994. Pallplasseringane hans i verdscupen er høvesvis 1 siger, 2 andreplassar og 6 tredjeplassar.
Noregsmeister vart Sivertsen tre gongar (1994, 1997, 1998). Frå NM fekk han elles med ein sølvmedalje og to bronsemedaljar.
Sivertsen la opp etter 1999-sesongen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.