Stelviopasset
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Stelviopasset (tysk Stilfser Joch eller Stilfserjoch, italiensk Passo dello Stelvio) er med 2 757 m s.l.m. den høgste fjellovergangen i Italia og den nest høgste asfalterte vegovergangen i Alpane – etter Col de l'Iseran. Stelvio knyter saman Bormio i Veltlin, Lombardia med Prad i Vinschgau, Sør-Tirol.
Stelviopasset | |||
---|---|---|---|
Austsida av Stelviopasset sett frå Payerhytta (3029 m) | |||
Nordaust | Sørvest | ||
Passhøgd | 2 757 m s.l.m. | ||
Provincia | Vinschgau (Sør-Tyrol) | Veltlin (Sondrio) | |
Vasskilje | Trafoi-bekken → Etsch | Braulio → Adda | |
Stader | Prad am Stilfserjoch | Bormio | |
Samband | Strada Statale 38 | ||
Bygd | 1820–1826 | ||
Vinterstengt | november–juni | ||
Fjellområde | Ortlergruppa | ||
Profil | |||
Stigning (snitt) | 7,2 % (1 972 m / 27,5 km) | 7 % (1 536 m / 22 km) | |
Stigning (maks) | 15 % | 12 % | |
Kart | |||
| |||
Koordinatar | 46° 31′ 42″ N, 10° 27′ 12″ A |
Området rundt passet har sidan 1935 vore ein del av Stelvio nasjonalpark.
På grunn av sine mange hårnålskurver er vegen til Stelviopasset eit populært mål for syklistar. Dei kan ta passet som ein del av ein rundtur frå Prad eller Glurns. Den vanlegaste ruta går over Stelvio til kort over passhøgda, deretter over Umbrailpasset og Santa Maria Val Müstair i Sveits og tilbake til Glurns eller Prad.
Stelviopasset er mykje brukt i Giro d'Italia, og på passhøgda står eit minnesmerke over den italienske syklisten Fausto Coppi som vann rittet fem gonger.
Første laurdag i september eller siste laurdag i august er det sykkeldag på Stelviopasset,[1] og då er vegen frå Trafoi til Bormio stengd for motorkøyrety frå om morgonen til sein ettermiddag. Same dagen er vegen frå Santa Maria i Münstertal over Umbrailpasset stengd for motortrafikk.
I midten av juli arrangerer sykkelklubben i Vinschgau[2] eit ritt med start i Prad og målgang på passhøgda.
På Stelviopasset er det eit sommarskisenter som er open frå rundt pinsetid til november då vegen blir vinterstengd.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.