Meter over havet
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Meter over havet (forkorta moh.) vert brukt for å definere høgda til eit punkt i høve til havnivået, målt i meter. Nemninga meter under havet vert på liknande vis nytta om stader som ligg lågare enn havnivået. I somme land er det vanleg å oppgi måla i fot istaden for meter.
På kart er høgda over havet gjerne markert med fargar eller kotar. Høgda til innsjøar, fjell, åsar, søkk i terrenget og andre topografisk interessante punkt kan òg bli markerte med tal.
Høgda vert rekna frå middelvasstanden langs kysten på eit fastsett tidspunkt, ein normalnull, som for det nasjonale høgdemålingssystemet i Noreg er året 1954 og knytt til eit fastmerke som finst ved Tregde vasstandsmålar i nærleiken av Mandal. Den høgda dette fastmerket er plassert i, er fastsett i 1954 på grunnlag av ei utjamning av utrekningar av middelvasstanden for vasstandsmålingar gjort frå 18 til 53 år i Oslo, Nevlunghavn, Tregde, Stavanger, Bergen, Kjølsdal og Heimsjø.
Hypsografi er skildringa av høgdeforholda på jorda. Ei hypsografisk kurve er ei grafisk framstilling av korleis arealet på jordoverflata i middel er fordelt på dei ulike høgdenivåa.[1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.