From Wikipedia, the free encyclopedia
Stefan Horngacher (fødd 20. september 1968) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå Wörgl i Tirol. Han vann to VM-gull, 1991 og 2001, med Austerrike i laghopp, samt fem bronsemedaljar i laghopp i ulike verdsmeisterskap og olympiske leikar i tida 1992-2001.
Stefan Horngacher | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 20. september 1969 (55 år) Wörgl |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 1994 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp |
Utmerkingar | ærestegn i sølv av Ærestegnet for fortjenester, ridderkors av Republikken Polens fortjenstorden |
Horngacher slo gjennom internasjonalt i 1990/91-sesongen, då han endå på fjerdeplassen i den totale verdscupen. I løpet av sin lange karriere vann han to renn i verdscupen. Den fyrste sigeren kom i skiflyging i 1991 i Kulm og den andre i Zakopane i 1999.
Sesongane 1995 og -96 var Horngacher mykje plaga av sjukdom, alvorleg smitta av Yersinia-bakterien, og deltok knappast i hoppbakken.
Horngacher vann heile sju VM- eller OL-medaljar med Austerrike sine lag i laghopp. Derimot vann han ingen individuelle medaljar i dei store meisterskapane. Hns beste plasseringar i verdsmeisterskap kom under Ski-VM 2001 i Lahti, der han vart nummer fire i normalbakken og nummer fem i storbakken. Det var i den same meisterskapen at han vann VM-gull i laghopp i normalbakken, og fekk bronse i laghopp i storbakken.
Han la opp i 2002.
Dato | Stad | Land |
---|---|---|
24. januar 1991 | Bad Mitterndorf | Austerrike |
16. januar 1999 | Zakopane | Polen |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.