Martin Höllwarth
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Martin Höllwarth (fødd 13. april 1974) er ein austerriksk tidlegare skihoppar frå Schwaz i Tirol. Han vann to individuelle OL-sølv i 1992 og ei VM-bronse i 2001. Både i 2001 og 2005 var han med på austerrikske firemannslag som vann VM-gull, siste gongen til og med to gullmedaljar. Höllwarth representerte skiklubben SC Mayrhofen.
Martin Höllwarth | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 13. april 1974 (50 år) Schwaz |
Idrett | skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp |
Höllwarth var ein av dei fyrste austerrikske skihopparane som hoppa med V-stil. I 1991, knapt sytten år gammal, vart han juniorverdsmeister i skihopping. Han debuterte i verdscupen romjula 1991, der han vart nummer fire i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Straks etter hoppveka fekk han i Predazzo sin fyrste siger i eit verdscuprenn. Seinare i OL-sesongen vann Höllwarth tre sølvmedaljar under vinter-OL 1992i Albertville. I normalbakken kom han bakom landsmannen Ernst Vettori og i storbakken var finske Toni Nieminen dein som overgjekk han. I lagtevlinga fekk Höllwarth sølvmedalje saman med Ernst Vettori, Andreas Felder og Heinz Kuttin.
Dei fem sesongane 1993-97 var Höllwarth sjeldan å finne dei beste på resultatlistene i verdscupen. Berre ein og annan gongen slumpa han til å gjere to gode hopp, og kunne dermed notere seg for nokre få sigrar.
Frå 1998 til 2005 var Höllwarth tilbake mellom dei beste skihopparane i verda. Særleg flink og stabil var han i dei fire siste sesongane i perioden, og både i 2004 og 2005 kom han på femteplassen i verdscupen. Höllwarth vann åtte individuelle verdscuprenn, det fyrste i januar 1992 og det siste i januar 2005. 28 gongar (8-6-14) kleiv han på pallen i verdscuprenn.
Höllwarth la opp som skihoppar i 2008. Han bur i dag i Mieming.
Nr. | Dato | Stad | Land |
---|---|---|---|
1. | 10. januar 1992 | Predazzo | Italia |
2. | 19. desember 1992 | Sapporo | Japan |
3. | 5. februar 1997 | Willingen | Tyskland |
4. | 7. desember 2002 | Trondheim | Noreg |
5. | 14. desember 2002 | Titisee-Neustadt | Tyskland |
6. | 15. desember 2002 | Titisee-Neustadt | Tyskland |
7. | 18. januar 2004 | Zakopane | Polen |
8. | 6. januar 2005 | Bischofshofen | Austerrike |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.