fugleart From Wikipedia, the free encyclopedia
Splitterne (Thalasseus sandvicensis) er ein kystfugl i måsefamilien, Laridae, med utbreiing hovudsakleg i Afrika og Europa. Dei er noko større enn til dømes makrellterne og har meir rufsete fjører på hovudet.
Splitterne | |
Thalasseus sandvicensis i Northumberland, England Foto: MPF | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av splitterne | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Måsefamilien Laridae |
Slekt: | Thalasseus |
Art: | Splitterne T. sandvicensis |
Vitskapleg namn | |
Thalasseus sandvicensis Latham, 1787 |
Dette er ei mellomstor, lys terne med svart hette, nokså langt, smalt nebb og lange venger. Undersida er heilt kvit, oversida bleik grå. Farge på bein og nebb skil seg med underart, i Eurasia og Nord-Amerika er nebbet svart med lysegul tupp, i Sør-Amerika vil heile nebbet vere gult. Oftast er beina svarte, men kan vere gule. Kroppslengda er 36 til 40 centimeter, kroppsvekta kan variere så mykje som mellom 130 og 300 gram, dei største fuglane finst i Amerika. Dette er ein maritim art som lever ved kystar i varmt temperert til tropiske klima. Storparten av populasjonane er flyttfuglar.
Taksonomien for splitterna har vore uklar og arten har lenge ført opp i slekta Sterna.
Utbreiing i Afrika og Eurasia:
IOC World Bird List, versjon 11.2 (2021), skildrar i tillegg Thalasseus acuflavidus, eng: Cabot's Tern, (Cabot, S, 1847) som eit artstakson med følgjande underartar:[2]
Birds of the World, Cornell Lab of Ornithology skildrar splitterne som eit artstakson inkludert Thalasseus acuflavidus i Amerika.[3]
Splitterner beitar ved kystar eller hav på fisk som kan vere opp til 15 centimeter lange. Fisken kan vere av ulike artar, inkludert artar i ansjosfamilien, sardinfamilien og flygefisk. Dei kan supplere med anna marint føde som små krepsdyr og makk frå mudderbankar, og nokre gonger fugleungar som til dømes av avosettar. Som andre terner i Thalasseus-slekta stupdukkar splitterner frå stor høgd, rundt rekna opptil 10 meter.[4]
Dette er kolonihekkarar, og dei hekkar ofte nær andre terneartar og måseartar. Storleiken på hekkekolonien er oftast under 1000 par, og opptil 4000 par. Til dømes var ein koloni nord for Esbjerg på 3300 par i 2006.[5] Kullet er typisk på to egg, men kan vere på eit eller tre. Ungfuglar startar vanlegvis hekking først når dei er fire år og levealderen kan bli meir enn 20 år.[4]
Den globale populasjonen av splitterner overstig 200 000 individ.[4] Utviklinga av populasjonen har variert over dei ulike leveområda, i Nordvest-Europa har han minka seinare år, til dømes i Danmark.[5] og Storbritannia.[6] BirdLife International reknar den globale populasjonen som stabil og livskraftig.[7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.