From Wikipedia, the free encyclopedia
«Help!» er ein song av The Beatles som var tittelsporet på både albumet Help! og filmen Help!. Han vart òg gjeven ut på singel og nådde førsteplassen i mange land, inkludert Noreg, Storbritannia og USA. Songen er hovudsakleg skriven av John Lennon, men tilskriven Lennon/McCartney (som alle Beatles-songar skrivne av desse to).[2] Lennon fortalte seinare at tittelen kom av desperasjon.[3] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 29. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.
Help! Singel av The Beatles | ||
B-side |
«I'm Down» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. juli 1965 (US) 23. juli 1965 (UK) | |
Innspelt | 13. april 1965, EMI Studios, London | |
Sjanger | Folkrock[1] | |
Lengd | 2:18 | |
Selskap | Parlophone, Capitol | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | George Martin | |
The Beatles-kronologi | ||
«Ticket to Ride» (1965) |
Help! | «We Can Work It Out»/ «Day Tripper» (1965) |
-kronologi | ||
«Ticket to Ride» (1965) |
Help! | «Yesterday» (1965)
|
«When I was younger, so much younger than today» |
Lennon skreiv teksten til songen for å uttrykke presset på bandet etter den raske vegen til toppen av hitlistene etter fleire år som ukjend band. Sidan Lennon sin utryggleik motsa bilete av Beatles som eit optimistisk og sjølvsikkert band, følte Lennon at det nesten var umogeleg for tilhengjarane å forstå opphavet til songen. Forfattar Ian MacDonald skildrar songen som den første sprekka i skalet som Lennon nytta til å verne kjenslene sine i tida då Beatles vart verdskjende, og at dette var ein viktig milepåle i måten han kom til å skrive songar på.
I 1970 fortalte Lennon at sidan songen var så ærleg var det ein av favorittsongane hans av The Beatles, men han hadde ønskt at dei hadde spelt han inn i eit seinare tempo.
Teksten i songen opnar med «When I was younger, so much younger than today».
The Beatles spelte inn songen på 12 forsøk den 13. april 1965 i Abbey Road Studio Two. Dei første åtte forsøka var utan vokal.[5]
Singel- og album-versjonen er så smått forskjellige. Den amerikanske utgåva starta med ein James Bond-aktig instrumental.
I Noreg låg songen inne på VG-lista 14 veker, seks av dei på førsteplassen.
Vekeslister
Songen nådde toppen av listene i fleire land i 1965 i følgje lister i Billboard: Australia, Hong Kong, New Zealand og Sweden.[18][19] |
Årslister
Salstrofé
|
Help! Song av Deep Purple frå albumet Shades of Deep Purple | ||
Utgjeve | Juli 1968 | |
Innspelt | 11–13. mai 1968 Pye Studios, London | |
Sjanger | Progressiv rock, hardrock | |
Lengd | 6:01 | |
Selskap | Parlophone (UK (England))
Tetragrammaton (US) | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | John Lennon, Paul McCartney | |
---|---|---|
Produsent | Derek Lawrence | |
Help! Singel av Tina Turner frå albumet Private Dancer | ||
B-side |
«Rock 'n' Roll Widow» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 25. februar 1984 | |
Innspelt | 1984 | |
Sjanger | Pop, R&B | |
Lengd | 4:30 | |
Selskap | Capitol | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
Produsent | Wilton Felder, Ndugu Chancler, Joe Sample | |
Tina Turner-kronologi | ||
«Let's Stay Together» (1983) |
Help! | «What's Love Got to Do with It» (1984)
|
Help! Singel av Bananarama (med Lananeeneenoonoo) frå albumet Greatest Hits Collection | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1989 | |
Innspelt | Januar 1989 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:23 | |
Selskap | London Records | |
Komponist | John Lennon, Paul McCartney | |
Tekstforfattar | John Lennon, Paul McCartney | |
Låtskrivar(ar) | Lennon–McCartney | |
---|---|---|
Produsent | Stock Aitken Waterman | |
Bananarama-singlar-kronologi | ||
«Nathan Jones» (1988) |
Help! | «Cruel Summer '89» (1989)
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.