familie av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Songarar, Sylviidae, er ein biologisk familie av små sporvefuglar. Songarar finst som hekkefugl i «den gamle verda», og hovudsak i Europa, Asia og, i mindre grad i Afrika. Dei fleste songarane i tempererte regionar er sterke trekkfuglar, med overvintring i Afrika og i tropisk Asia.
Songarfamilien | |
![]() Svarthovudsongar, Curruca melanocephala Foto: Andreas Trepte | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Parvorden: | Passerida |
Overfamilie: | Sylvioidea |
Familie: | Songarfamilien Sylviidae Vigors, 1825 |
Slekta Sylvia av «typiske songarar» er den klart mest talrike med 30 artar. Sylvia er mellomstore songarar på rundt 13-17 centimeter i kroppslengd. I denne slekta syner mange kjønnsdimorfisme, med distinkte fjørdrakter for kjønna. Ein variant blant fleire artar i slekta er at hannar har eit mørkt fjørparti på hovudet og at dette partiet er brunt eller grått hos hoer. Eit døme er arten munk. Hos svarthovudsongar er større del av hovud mørkt hos hannar. Artar som hekkar i tempererte område er vanlegvis sterke trekkfuglar, med nokre unntak. Til dømes lever arten munk året rundt i Storbritannia og sørover i Europa, vinsongar kan treffast året rundt på Iberiahalvøya.
Mange Sylviidae-songarar er i stor grad insektetarar, men buttnebb er òg frøetarar. Jamvel medlemmene av Sylvia kan ta ein stor del av føda som bær, frukt og anna plantematerial sjølv om insekt er hovudføda i hekketida.
Dei fleste artane er monogame og byggjer enkle, koppforma reir i tett vegetasjon. Dei legg mellom to og åtte egg per kull, avhengig av art, tre til seks er mest vanleg. Begge foreldra vil vanlegvis hjelpe med omsut for ungane, ungane er i stand til å flyge når dei er rundt to veker gamle.[1]
Sylviidae-songarar er ein del av ei større gruppe Sylvioidea, fleire artar i dagens Sylviidae har i følge tidlegare taksonomi høyrd saman i andre fuglefamiliar. Sjå artikkelen Sylvioidea for historikk.
Songarar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.