Sommareik
planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sommareik (Quercus robur eller Q. pedunculata Ehrh.) er eit tre i eikeslekta.
Sommareik er ein av to artar av eik som veks vilt i Noreg. Sommareiketre i Noreg vert opp til 12 meter høgt.
Remove ads
Utsjånad

I Noreg veks artane sommareik og vintereik vilt. Sommareika feller det meste av lauvet om hausten, til forskjell frå vintereika, som har det meste av det visne lauvet hengande på om vinteren. Sommareika har svært kort bladstilk, men lang nøttestilk. Vintereik er motsett med lang bladstilk, men kort nøttestilk.
Sommareik er den mest hardføre av eikeartane i Noreg. Ho veks spreidd på indre Austlandet opp til Sigdal og nord til Ringsaker, og langs kysten nord til Sogn, meir sjeldan nord til Smøla. Som planta park- og hagetre veks er ho bruka nord til Troms.
Remove ads
Utbreiing
I Noreg veks sommareika naturleg på Austlandet nord til Ringsaker, på Sørlandet og på Vestlandet nord til Edøy.
Eika kan vekse på skrinne bakkar, men ho må ha næringsrik grunn for å produsere kvalitetsvirke.
Sommareika kan danne hybrid med vintereika Q. petraea.

Kultur
Eika er planta mange stader. Sidan teet kan bli tusen år gammalt, har det med seg mykje symbolkraft. Difor er det bruka som symbol for sparebankane. Kunstnarar har gjerne tatt for seg eika – kjende døme er diktet «Den gamle mester» av Jørgen Moe og «Historien» av Edvard Munch.
Eiketømmer har vore ein viktig eksportartikkel, men eikeskogen er krevjande å skjøtte, og i dagens norske skogbruk har eika liten betydning. Eikeborken har vore bruka til garving.
Sommareika er fylkesblomster i Vest-Agder.
Kjelder
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- Botanisk museum Arkivert 2008-05-27 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
- (no) sommareik hos Artsdatabanken
- (en) sommareik i Catalogue of Life
- (en) sommareik i Encyclopedia of Life
- (en) sommareik i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) sommareik hos Dyntaxa
- (en) sommareik hos ITIS
- (en) sommareik hos NCBI
- (en) sommareik hos Plants of the World Online
- (en) sommareik hos The International Plant Names Index
- (en) sommareik hos Tropicos
- (en) Kategori:Quercus robur – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads