Remove ads
From Wikipedia, the free encyclopedia
Edvard Munch (12. desember 1863–23. januar 1944) var ein norsk kunstmålar, grafikar og ein av dei tidlege representantane for ekspresjonismen. Den intense og stemningsfulle måten han skildra psykisk liding på hadde mykje innverknad på utviklinga av tysk ekspresjonisme tidleg på 1900-talet.[1][2]
Treng oppdatering (2023) |
Edvard Munch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. desember 1863 Ådalsbruk |
Død | |
Yrke | kunstmålar, grafikar, grafikar, teiknar, bygningstegner |
Språk | norsk |
Sjanger | portrett, ekspresjonisme, sjangermåleri, landskapsmåleri, sjølvportrett |
Medlem av | Berlin-secesjonen |
Far | Christian Munch |
Mor | Laura Cathrine Munch |
Edvard Munch på Commons |
Edvard Munch er den einaste norske kunstmålaren som er kjend og verdsett verda over. Det internasjonalt mest kjende måleriet hans er truleg Skrik. Verk av Munch er å sjå i mange internasjonale kunstgalleri som i New York, Göteborg og København.[3] I Oslo er sentrale verk å sjå på det kommunale Munch-museet, på det statlege Nasjonalmuseet og som veggmåleri i aulaen i Domus Media (tilhøyrande Universitetet i Oslo) ved Karl Johans gate. I Bergen er verk som vert rekna blant dei beste som Munch har skapt, å sjå i Bergen kunstmuseum.
Munch vart fødd på Løten i Hedmark fylke, men voks opp i Kristiania.
På 70-årsdagen sin i 1933 vart Munch tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.
Edvard Munch testamenterte til Oslo kommune ei gåve som femna om lag 1 100 måleri, 15 500 grafiske blad med 700 ulike motiv, 4 700 teikningar og seks skulpturar. I tillegg kom nesten 500 trykkplater, 2 240 bøker, notatbøker, dokument, fotografi, verktøy, rekvisita og møblar. Denne gåva danna hovudstamma i den samlinga av Munchs verk som Munch-museet i Oslo rår over.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.