Solsikke
planteart i korgplantefamilien From Wikipedia, the free encyclopedia
Solsikke eller solvendel (Helianthus annuus) er ein eittårig plante i solsikkeslekta som kan bli over fire meter høg. Stengelen er kraftig og ruhåra, og har opprett vekst. Blomane er store, og kan bestå av inntil 40 cm breie blomekorger med gule, brune eller raudaktige kronblad. Solsikke er relativt lettdyrka, men krev at visse vekstvilkår er oppfylt for å kunna veksa maksimalt. Planten trivst best med full sol og varm temperatur (helst over 20°C). Planten krev også mykje vatn og næring.
Solsikke | |
![]() Solsikke | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
Underfamilie: | Asteroideae |
Overstamme: | Helianthodae |
Stamme: | Heliantheae |
Slekt: | Solsikkeslekta Helianthus |
Art: | Solsikke H. annuus |
Vitskapleg namn | |
Helianthus annuus |
Solsikke blei domestisert i Nord-Amerika, der den ville varianten av arten framleis veks vilt. Vill solsikke har greiner og fleire blomar på kvar plante. Dyrka solsikke har derimot som regel berre ein stilk og ein blome øvst. Amerikanske urfolk brukte solsikke til ei rekkje føremål, som å laga brød og til salvar, farging og kroppsmåling.[1] På 1500-talet blei solsikkefrø frakta frå Amerika til Europa, der dei saman med solsikkeolje blei ein viktig ingrediens.
Namnet «solsikke» er avleidd frå latin solsequia, ‘som snur seg etter sola’.[2] «Solvendel» har òg denne tydinga.[3]
Skildring


Domestisert solsikke har ein opprett, ruhåra stilk og blir typisk rundt 3 meter høg. Den høgaste solsikkeplanten ein har målt nådde 9,17 meter.[4] Blada er breie, grovtakka, rue og sit vanlegvis kransstilt. Blomen har gjerne ein diameter på rundt 30 cm,[5] men rekorden er 75 cm.[6] Den store blomen er eigentleg ein blomestand danna av mange småblomar med fem kronblad kvar. Ytst på blomestanden sit blomar som er omforma til å likna kronblad. Desse er sterile og kan ha ulike fargar, som gul, raud, oransje og liknande. Blomane som sit inne i korga dannar frukter kalla solsikkefrø. Desse er opptil 1,65 cm lange og kan vera kvite, brune, svarte eller stripa.[7]
Vill solsikke blir typisk 2 meter høg, og kvar plante har fleire greiner med blomar. Ein plante kan ha 5-50 blomar, og bløminga varer i fleire veker. Blomestandane har ein diameter på 5-13 cm.[8]
Dei små solsikkeblomane i blomestanden sit i ei spiralform der kvar blome typisk er arrangert i høve til den neste etter omlag den gylne vinkelen, 137,5°. Dette gjev eit mønster av samansette spiralar der talet på venstrevendte spiralar og talet på høgrevendte spiralar er fibonaccital som følgjer kvarandre i fibonaccirekkja. Vanlegvis har blomestanden 34 spiralar i ein retning og 55 i den andre, men ein svært stor blomestand kan ha 89 i ein retning og 144 i den andre.[9][10][11] Dette mønsteret gjer at frøa sit så effektivt pakka som er matematisk mogleg på blomestanden.[12][13][14] Ein blomestand kan danna fleire hundre frø, og i nokre høve opptil 2000.[6]
Solsikkeknoppar følgjer sola på himmelen.[15] Om morgonen er dei vende mot aust, og vender seg vestover i løpet av dagen. Mogne blomar følgjer derimot ikkje sola, men er som regel fast vende mot aust.[16][17] Når blomen er mogen og blomestilken stoppar å veksa stoppar også solvendinga eller heliotropismen. Sidan blomen typisk er vend mot aust blir han varma opp tidleg om morgonen, noko som aukar vitjingar frå pollinatorar.[18] Blada til solsikke har fototropisme, det vil seia at dei følgjer sollyset i løpet av dagen. Dette gjer at dei kan ta inn mest mogleg lysenergi.[19]
- Solsikker i vekst
- Vill solsikke i Montana
- Vill solsikke langs vegkanten i Montana
- Solsikkeknopp
- Solsikker i Russland
- Solsikker i Tyskland
Genom
Genomet til solsikka, Helianthus annuus, er diploid med eit kromosomtal på 17. Det har ein storleik på 3,6 gigabasepar,[20] noko som gjer det rundt 20 prosent større enn menneskegenomet og over 40 prosent større enn genomet til mais.[21] Det inneheld mykje repetisjon.[20]
Dyrking
Solsikke blir dyrka over heile verda, typisk i solrike, tempererte og halvtørre klima. Planten er tolerant mot både høge og låge temperaturar, men mest mot låge. Frø kan byrja spira i temperaturar så låge som 4°C, men 9-13°C gjev betre resultat. Unge frøbladplantar kan tolerera frost, men eldre plantar er mindre hardføre. Mogne plantar kan døy ved temperaturar lågare enn rundt -2°C.[19] I temperert klima tek det rundt 11 dagar frå ein sår solsikke til planten blir synleg og deretter 33 dagar til han utviklar eit plantehovud. Frå såing til mogen blome går det rundt 109 dagar.[19]
Solsikke veks best i full sol. Planten trivst også næringsrik, fuktig og veldrenert jord med tjukt dekke. I kommersielle samanhengar plantar ein gjerne frø 45 cm unna kvarandre og 2,5 cm djupt.
I 2020 stod Russland og Ukraina for 53 % av solsikkefrøproduksjonen i verda.[22]
Tradisjonelt pleidde amerikanske urfolk å planta solsikker på nordsida av hagane sine, som ei «fjerde syster» i den kjende tre systrer-metoden der ein dyrka mais, bønner og graskar saman.[23]
I moderne jordbruk i Brasil kan ein dyrka solsikke vekselvis med soyabønner, fyrst ei avling solsikker og så ei med soya. Dette reduserer tida då jorda ligg brakk og aukar den totale produksjonen og vinsten på solsikkeproduksjon. Ein dyrkar vanlegvis solsikker heilt i sør og heilt i nord i landet. I sør plantar ein vanlegvis solsikkene i byrjinga av regntida, og plantar så soyabønnene om sommaren.[24] Metoden har vist seg å ha miljøvennlege effektar.[25]
Ein kan så solsikker som ei tilleggsavling etter tidleghausta grønsaker eller korn, som ei naudavling eller som ei kortsesongavling. Solsikker kan òg dyrkast til surfôr.[19]
Solsikker kan brukast til fytoremediering der plantane trekk ut giftige ingrediensar frå jorda, som bly, arsenikk og uran. Dei kan også brukast i rhizofiltrering til å nøytralisera radionuklidar og andre giftige stoff og skadelege bakteriar frå vatn. Plantane blei brukte til å fjerna cesium-137 og strontium-90 frå eit vatn etter Tsjernobylulukka,[26] og på liknande vis etter Fukushima Daiichi-ulukka.[27][28]
Vill solsikke kan vera eit ugras i USA, der planten til dømes kan konkurrera mot unge soyabønneplantar.[29]
- Dyrking av solsikker
- Solsikker i Japan (2016).
- Solsikkefelt i Sør-India (2009).
- Solsikkeåker i Ukraina (2012).
- Hausting med skurtreskar (2011).
Bruk

Solsikkeblomar
Solsikker er populære som hagevekstar. I tillegg til å vera dekorative, er dei lette å dyrka og hardføre mot sjukdommar og skadedyrangrep. Solsikker er også etterspurte som snittblomar, og blir selde i mange blomehandlar.
Det er utvikla fleire sortar med ulike eigenskapar med omsyn til mellom anna høgd og farge. Til bruk som snittblome har ein også avla fram blomar med lite pollen for å unngå dryssing.[30]
Solsikkefrø
Fruktene av solsikke, solsikkefrø, blir ofte brukt som menneskemat og som fuglemat. Fruktene er botanisk sett nøtter (eller smånøtter) fordi dei har eit hardt skal som blir spreidd saman med det eigentlege frøet. Når frukta blir brukt i mat er det frøet (uten skal) ein bruker, men som fuglemat er det gjerne heile frukta.
Det er særleg større solsikkefrø ein bruker til menneskeføde.[7] Solsikkefrø kan etast rå eller bakte og salta.[6] Dei kan brukast i bakverk og salatar, og som snacks. Halva av solsikkefrø er utbreidd i Aust-Europa og den tidlegare Sovjetunionen. Frøa kan også malast til ein pasta, solsikkesmør, tilsvarande peanøttsmør. Urfolka i USA som fyrst domestiserte planten pleidde mala dei tørka eller røsta frøa til eit mjøl som dei kunne baka med eller ha i supper.[6]
Solsikkeolje

Frå frøa kan ein òg pressa solsikkeolje, ei bleikgul, tyntflytande, mild og feit olje som tørkar inn om ho er i kontakt med luft. Olja har behageleg smak og er løyseleg i eter og alkohol. Kjemisk sett inneheld ho olein, palmitin, stearin og linolein. Oljen blir brukt som matolje (kaldpressa) og til lakk og såpe (varmpressa).
Solsikkeolje kan også brukast til margarin, som grunnolje i massasje- og aromaterapiolje, til såpe og til biodiesel.[31]
Restane av frøa etter at dei er pressa for olje kan brukast til dyrefôr.[32] Frøskalet som ein tek av før ein vinn ut olje kan også brukast som fôr.[33]
Rot
Blant zunifolk tygg ein tradisjonelt fersk eller tørka solsikkerot før ein syg ut gifta frå slangebitt og legg salve på såret.[34] Salven inneheld også solsikkerot, og kan brukast i seremoniar mot til dømes klapperslangebitt.[35]
Historie

Genetiske studiar tyder på at vill solsikke blei domestisert ved eitt enkelttilfelle, for ca. 5000 år sidan. Frå denne linja blei det dyrka fram ulike domestiserte solsikketypar.[36] Solsikke var ein av fleire artar som blei dyrka i førhistoriske Nord-Amerika i det såkalla Eastern Agricultural Complex. Det finst prov på domestisering frå dagens Mexico[37] frå rundt 2600 f.Kr., med funn frå San Andres-funnstaden i Tabasco. Det eldste funnet av fullstendig domestisert solsikke frå USA er frå Tennessee og datert til rundt 2300 f.Kr.[38] Det er òg funne tidlege eksemplar frå bergbuplassar i Aust-Kentucky.[39] Spanske utforskarar blei kjende med planten i 1510 og tok med seg frø tilbake til Europa.[40] Her blei solsikke fyrst hovudsakleg brukt som prydplante.[6]
På 1700-talet blei solsikkeolje svært populært i Russland, særleg i samband med den ortodokse kyrkja, ettersom ho var eitt av få typar matfeitt ein kunne bruka under fastetida ifølgje nokre tradisjonar.[41] Kyrkja hadde lagt ned forbod mot å bruka olje frå fleire plantar, men sidan solsikke var ein nyinnført plante, stod han ikkje på forbodslista.[6]
Ein byrja alsarbeid for å få fram plantar med høgare oljeinnhald på 1860-talet, og innhaldet blei auka frå 28 % til oppimot 50 %. Etter andre verdskrigen blei dei oljerike varietetane frå Russland førte tilbake til USA.[19] Planten blei også viktig i Argentina på 1930-talet, då den spanske borgarkrigen gjorde at ein ikkje fekk tak i olivenolje frå Spania. Landet blei etterkvart den nest største solsikkeoljeprodusenten i verda.[6]
Frå 1970-talet blei solsikkeolje populær då ein ønskte å nytta meir fleirumetta feitt og mindre kolesterol i matlaging.[6]
Solsikke i kulturen


Symbolikk
Solsikke er brukt som symbol i fleire samanhenger. Solsikka var eit mykje brukt heilag symbol blant amerikanske urfolk som symbol for ein solgud. Aztekarar og otomifolk i noverande Mexico og inkaer frå Sør-Amerika brukte alle dette symbolet.
Solsikke er nasjonalblome for Ukraina, og eit mykje brukt symbol i landet. I 1996 planta militærleiarar frå Ukraina, Russland og USA solsikker ved missilbasen i Pervomajsk i Mykolajiv oblast for å markera enden på kjernevåpen i Ukraina.[42] I 2015 blei det samla solsikkefrø frå åkeren der passasjerflyet Malaysia Airlines Flight 17 hadde kræsja eit år tidlegare. Nokre av dei blei planta til minne om dei 15 nederlendarane frå Hilversum som blei drepne.[43] To australske mediefolk hadde òg samla inn 1,5 kg frø for å minnast dei australske offera og familiane deira og gje dei håp.[44] Etter at Russland invaderte Ukraina i 2022 blei solsikka eit symbol på lokal motstand og eit internasjonalt symbol for solidaritet med Ukraina.[45]
Solsikke er delstatsblome for Kansas i USA, som blir kalla «The Sunflower State», og har blomen på delstatsflagget sitt.[46] Det høgaste punktet i delstaten heiter Mount Sunflower.[47]
Solsikke er òg ein byblome for Kitakyūshū i Fukuoka i Japan. Namnet på det lokale fotballaget, Giravanz Kitakyushu, er avleidd frå det italienske namnet på solsikke.[48]
Frå 1860-åra blei solsikka eit mykje brukt symbol på kvinnesak og stemmerettskampen. I denne samanhengen stamma symbolet opphavleg frå delstatssymbolet til Kansas og kampanjen for stemmerett for kvinner der starta av Elizabeth Cady Stanton og Susan B. Anthony i 1867.[49] Her symboliserte solsikka også opplysing.[50] Blomen blei teken i bruk som symbol av kvinnerørsler i fleire land, mellom anna av Norsk Kvinnesaksforening, som framleis har ei stilisert solsikke i logoen sin.[51]
Solsikka blei også brukt som symbol av Spiritualistkyrkja, som legg vekt på at planten snur seg mot sola på same måte som spiritualismen skal venda seg mot lyset eller sanninga. Moderne spiritualistar kan ha kunstverk eller smykke som avbilder solsikker.[52]
Solsikke er mykje brukt som symbol på grøn ideologi og «grøne» politiske parti. I mars 1983 bar til dømes dei 27 nyvalde parlamentsmedlemmane for Die Grünen i Vest-Tyskland solsikker inn i parlamentet.[53]
Kunst
Vincent van Gogh måla to seriar av solsikkestilleben, den fyrste i Paris i 1887, med solsikker liggjande på ein flate, og den andre i Arles i 1888, med solsikker i ein vase.
Ai Weiwei laga ein installasjon av hundre millionar handmala solsikkefrø av porselen, Kui Hua Zi (Sunflower Seeds), som fyrst blei stilt ut ved Tate Modern i London frå 12. oktober 2010 til 2. mai 2011.
Film
Den italienske filmen I girasoli ('Solsikkene') frå 1970 var den fyrste vestlege filmen som blei filma i Sovjetunionen. Han var regissert av Vittorio De Sica, og filma i nærleiken av Moskva og Poltava. Filmen handlar om eit italiensk par spelt av Sophia Loren og Marcello Mastroianni der ektemannen blir tvinga til å kjempa ved Austfronten under andre verdskrigen. Etter krigen dreg kona til Sovjetunionen for å finna han. Ho vitjar solsikkeåkrane der det skal vera ein blome for kvar falne italienske soldat.
Galleri
- Varietetar
- 'Autumn Beauty'
- 'Chianti'
- 'Earthwalker'
- 'Harlequin'
- 'Joker'
- 'Prado Red'
- 'Pro Cut Bicolor'
- 'Pro Cut Orange'
- 'Strawberry Blonde'
- 'Teddy Bear'
- 'Vanilla ice'
- 'Yellow Lite'
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.