Eastern Agricultural Complex

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eastern Agricultural Complex
Remove ads

Eastern Agricultural Complex i skogområde aust i Nord-Amerika er eit av rundt 10 frittståande senter for domestisering av plantar i førhistorisk tid. Byrjande landbruk kan førast tilbake til rundt 5300 f.Kr. Rundt 1800 f.Kr. dyrka amerikanske urfolk i desse skogane fleire matplantar, og byrja dermed ein overgang frå ein jakt og sanking-kultur til jordbruk. Etter 200 f.Kr., då mais frå Mexico blei innført til området, byrja urfolk i dagens USA og Canada ein sakte overgang frå å dyrka innfødde plantar til å hovudsakleg dyrka mais. Dyrkinga av lokale plantar utanom graskar og solsikke gjekk tilbake, og blei til slutt forlaten. Plantane ein tidlegare hadde dyrka gjekk tilbake til villformene sine.[2]

Thumb
Kart over området der Eastern Agricultural Complex blei etablert.[1]
Thumb
Solsikke var ein av plantane i Eastern Agricultural Complex.

Dei fyrste fire plantane ein kjenner til blei domestiserte ved Riverton Site i Illinois i 1800 f.Kr. var texasmelde (Chenopodium berlandieri), solsikke (Helianthus annuus var. macrocarpus), marsh elder (Iva annua var. macrocarpa) og graskar (Cucurbita pepo ssp. ovifera). Seinare blei det domestisert andre planteartar.[3]

Plantar ein domestiserte i EAC var mellom anna:

  • goosefoot eller lambsquarters (Chenopodium berlandieri);[4][5][6]
  • solsikke (Helianthus annuus);[4][5][7]
  • sumpweed eller marsh elder (Iva annua);[4][5][6][7]
  • little barley (Hordeum pusillum);[8]
  • maygrass (Phalaris caroliniana);[8][9]:190 og
  • erect knotweed (Polygonum erectum),[5]:138[6]
Thumb
Iva annua, engelsk sumpweed, marshelder
Thumb
Chenopodium berlandieri engelsk lambsquarters
Thumb
Cucurbita pepo blei ala fram til å gje etande graskar.

Ein byrja fyrst å dyrka mais i Eastern Woodlands-kulturane rundt 200 f.Kr., og svært produktive lokale varietetar var utbreidde rundt år 900.[10] Utbreiing tok lang tid fordi frøa og kunnskapen om dyrketeknikken måtte dra over folketomme ørkenar og fjellområde, og det var nødvendig å utvikla meir produktive maisvarietetar som kunne konkurrera mot lokale planteavlingar og passa dei kjøligare klimaa og den kortare vekstsesongen i nordlegare område. Det opphavlege maisslaget blømer ikkje i dei lengre sommardagane nord for tropiske Mexico, slik at det trengte genetiske tilpassing.[11] Mais blei fyrst dyrka som supplement til lokal jordbruksplantar, men byrjar gradvis ta over som hovudvekst etterkvart som avlingane voks. Til slutt var EAC blitt heilt erstatta av maisbasert jordbruk.[12] Dei fleste EAC-plantar blir ikkje lenger, dyrka, og nokre av dei blir rekna som ugras av moderne bønder.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads