Soissons
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Soissons er ein by og kommune i Frankrike. Han ligg i departementet Aisne i regionen Hauts-de-France ved elva Aisne, om lag 100 km nordaust for Paris. Han er ein av dei eldste byane i Frankrike, og er sannsynlegvis den gamle hovudstaden til suessionane.
Soissons | |||
---|---|---|---|
Saint-Jean des Vignes i Soissons | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Hauts-de-France Aisne | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 12,32 km² | ||
Flatevidd - By |
12,32 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
29 453 2 390/km² | ||
Koordinatar | 49°22′54″N 03°19′25″E | ||
Høgd over havet | 55 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.ville-soissons.fr |
Det keltiske namnet (seinare lånt i latinsk) var Noviodunum, som tyder «ny åsfestning». Namnet vart brukt frå 457 til 486, under Aegidius og son hans Syagrius og Noviodunum var hovudstaden til det belgiske folket suessionane før den frankiske kongen Klodvig I tok byen i slaget ved Soissons i 486.
Delar av det frankiske området Neustria og klosteret i Saint-Médard, bygd på 700-talet, spelte ei viktig politisk rolle under styret til dei merovingiske kongane (447-751). Etter Klodvig I døydde i 511 vart Soissons gjort til hovudstad i eit av dei fire kongedøma som staten hans vart delt inn i. Kongedømet Soissons forsvann i 613 då dei frankiske landa vart slått saman under Klotar II.
I 744 sette Pippin III i stand Kyrkjemøtet i Soissons, og heilage Boniface, paven sin misjonær i det heidenske Tyskland, fordømde den frankiske biskopen Adalbert og den irske misjonæren Clement.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.