norsk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Siri Bjerke (19. juni 1958–11. februar 2012) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var vararepresentant på Stortinget og sat som miljøvernminister, og deretter hatt leiande stillingar i Næringslivets Hovedorganisasjon og Innovasjon Norge.
Siri Bjerke | |||
Siri Bjerke i 2009 Foto: Kommunikasjonsavdelinga, Nord-Trøndelag fylkeskommune | |||
Fødd | 19. juni 1958 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 11. februar 2012 (53 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Berg videregående skole | ||
Far | Juul Bjerke | ||
Alle verv |
|
Bjerke vart fødd i Oslo. Ho tok grunnfag i psykologi frå Universitetet i Oslo.
Siri Bjerke var varerepresentant på Stortinget for Oslo i periodane 1997-2001 og 2001-2005. Ho var statssekretær i Utanriksdepartementet i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering og Thorbjørn Jagland si regjering.
Frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 var Bjerke statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Jens Stoltenberg si første regjering.
I perioden 2002-2005 var Bjerke direktør for næringspolitikk i Næringslivets Hovedorganisasjon. Frå 2005 arbeidde ho som divisjonsdirektør i Innovasjon Norge.
Bjerke døydde i 2012 etter lang tids kreftsjukdom. [1]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.