From Wikipedia, the free encyclopedia
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er ein landsomfattande interesseorganisasjon som arbeider for å styrke konkurranseevna til norsk næringsliv. Medlemmene er næringslivsføretak med verksemd i Noreg.
Næringslivets Hovedorganisasjon | |||
| |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 955600436 | ||
Skipa | 28. november 1988 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Leiar | Svein Tore Holsether | ||
Nettstad | https://www.nho.no/ |
NHO vart stifta 1. januar 1989, då dei tre organisasjonane Norges Arbeidsgiverforening (N.A.F.), Norges Industriforbund (NI) og Norges Håndverkerforbund (NH) vedtok å slå seg saman. Før etableringa av NHO hadde N.A.F hovudansvaret for arbeidsgjevarfunksjonane, medan NI og NH arbeidde med næringspolitiske spørsmål. Den nye organisasjonen var frå starten av landsomfattande.
NHO er den største interesseorganisasjonen for norske verksemder. Det er hovudsakleg verksemder i den private sektoren som kan bli medlem i NHO. Statelege og kommunale føretak kan berre bli medlemmer om dei arbeider under vanlege konkurransemessige vilkår. Medlemskontingenten utgjer 1,25 promille av lønsutbetalingane den einskilde verksemda har per år, med eit minstebeløp på 500 kr. Organisasjonen har i dag ca. 20 000 medlemmer, og dei fleste finst blant små og mellomstore føretak. Medlemsbedriftene har totalt ca. 508 000 arbeidsplassar, og samla bidreg NHOs medlemsbransjer med ca. 40 % av den økonomiske verdiskapinga. Lokalt er arbeidet organsiert med 15 regionforeiningar.
NHO tek opp næringspolitiske saker som medlemsbedriftene er opptekne av. NHO gjennomfører tarifforhandlingar med arbeidstakerorganisasjonane (til dømes Landsorganisasjonen) på vegner av medlemsbedriftene. NHO gjev medlemsbedriftene advokathjelp ved tvistar om arbeidsrettslige spørsmål.
Det er 21 landsforeiningar i NHO, og desse dekkjer ulike bransjar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.