Simon er eit mannsnamn som på gresk tyder 'som har oppstopparnase'. I Noreg er namnet, særleg på Austlandet, vanlegast i forma Simen. Namnet kan òg forklarast som ei forvansking av Simeon, som på hebraisk tyder kjend, vitgjeten.
I 2007 var det 7611 nordmenne som hadde namnet Simen, og 3921 som hadde namnet Simon.
I 1900 var det 1264 som hadde namnet Simen, og 2167 som het Simon. Andre dialektformer av namnet er Sima og Simå.
Namnedag: 28. oktober
- Simon Jonason eller Simon Peter, den seinare Sankt Peter ( Evangeliet etter Matteus 4.18 og 16.17)
- Simon, bror til Jesus ( Mat. 13.55)
- Simon, den spedalske i Betania (Mat. 26.6)
- Simon frå Kyréne, som vart tvungen til å bere Jesu kross til Golgata (Mat. 27.32)
- Simon Seloten, ein av Jesu tolv disiplar (Evangeliet etter Markus, 3.18)
- Simon, ein i kyrkjelyden i Samaria, og som før hadde fare med trolldom (Apostelgjerningane 8.9-24)
- Simon, ein garvar i Jaffa (Ap.gj. 9.43)
- Simon Usjakov (1626-1686), russisk målar
- Simón Bolívar (1783-1830, søramerikansk general og frigjeringshelt
- Simon Kildal (1796-1837), norsk stortingsmann
- Simon Olaus Wolff (1796-1859), norsk prest og diktar
- Simon Pedersson Lie (1803-1885), norsk stortingsmann
- Simon Holmesland (1823-1895), norsk stortingsmann
- Symon Petlura (1879-1926), ukrainsk politikar
- Simon Wiesenthal (1908-2005), polsk-fødd nazijeger
- Simon Slåttvik (1917-2001), norsk idrettsmann
- Simon van der Meer (1925-2011), nederlandsk fysikar og nobelprisvinnar
- Paul Simon (f. 1941), amerikansk songar, gitarist og komponist kjend frå duoen Simon & Garfunkel
- Simon House (f. 1948), engelsk fiolinist
- Simon Nicol (f. 1950), engelsk musikar
- Simon Beckett (f. 1960), engelsk journalist
- Simon Kjær (f. 1989), dansk fotballspelar