Simen Ivarsson Fliflet (12. juni 1799–9. april 1861) var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Fåberg i Oppland.
Fliflet var son av ein lensmann og gardbrukar på Smestad i Fåberg. Sjølv var han kontorist hos futen på Toten i tre år. Frå 1821 var gardbrukar på Hersaug i Ringsaker. Han var ordførar i Ringsaker 1839-43 og sidan medlem av heradsstyret 1853-57 og frå 1859. Også medlem av forlikskommisjonen i fleire år.
Han var 4. representant for Hedemarkens amt på Stortinget 1836 og på omframstortinget 1836-37. Medlem av næringskomiteen.
Fliflet døydde på garden sin i Ringsaker i 1861.
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Simen Ivarsson Fliflet NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.