From Wikipedia, the free encyclopedia
Shericka Jackson (fødd 16. juli 1994) er ein jamaikansk sprintar som vart verdsmeister på 200 meter i så vel 2022 som i 2023. I dei to meisterskapane fekk ho notert dei to beste 200-metertidene, 21,45 og 21,41 sekund, utanom sjølve verdsrekorden på distansen. Jackson har også vunne VM-gull med Jamaica i 4 x 400 meter stafett i 2015 og i 4 x 100 m stafett i 2019, samt OL-gull i 4 x 100 m stafett i 2021. Åra frå 2015 til 2023 vann ho også fire sølvmedaljar og to bronsemedaljar i verdsmeisterskap, pluss to bronsemedaljar i olympiske leikar.
Shericka Jackson | |
Statsborgarskap | Jamaica |
Fødd | 16. juli 1994 (30 år) Saint Ann Parish |
Idrett | friidrett |
Tok del i | VM i friidrett 2015, IAAF World Relays 2014, Stafett-VM i friidrett 2015, Samveldeleikane 2018, athletics at the 2010 Summer Youth Olympics – girls' 200 metres, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 4 × 400 meter stafett kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 100 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 100 meter stafett kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 4 × 400 meter stafett kvinner, VM i friidrett innendørs 2022 – 60 meter kvinner, VM i friidrett 2022 – 100 meter kvinner |
Jackson sprang inn til bronse på 400 meter då Friidretts-VM 2015 vart avvikla i Beijing. Tre dagar seinare tok ho seg av den andre etappen då Jamaica slo USA med 0,3 sekund og sikra seg gull i 4 x 400 m stafett. Under dei olympisk sommarleikane 2016 i Rio de Janeiro 2016 vann ho ein ny bronse på 400 m, som i Beijing måtte ho sjå seg slått av Shaunae Miller og Allyson Felix. I 4 x 400 m stafett tok Jamaica og Jackson OL-sølv.
Ved verdsmeisterskapen 2019 i Doha sette Jackson personleg rekord med tida 49,47 sekund og var tilbake på bronseplassen på distansen. Deretter sprang ho ankeretappane for Jamaica både på den korte og den lange stafetten. På 4 x 100 m stafett sigra ho saman Nataliah Whyte, Shelly-Ann Fraser-Pryce og Jonielle Smith, medan det på 4 x 400 m stafett vart bronse på Jackson.
Då dei olympiske sommarleikane fann stad i Tokyo sommaren 2021, deltok Jackson i fire ulike tevlingar. Den 31. juli syrgde ho for jamaikansk storeslem på 100 m, med 10,76 sekund og personbeste tok ho bronsemedaljen, landskvinnene Elaine Thompson-Herah og Fraser-Pryce vann gull og sølv. 2. august rauk Jackson ut or 200-meteren allereie i forsøket. 6. august sprang ho Jamaica inn til gullmedalje på 4 x 100 m stafett, tida 41,02 sekund var landsrekord, dagen etter var ho del av Jamaicas bronselag i 4 x 400 m stafett. 9. september 2021 presterte Jackson tida 21,81 og personbeste ved eit DL-stemne i Zürich.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.