From Wikipedia, the free encyclopedia
«Sentimental Lady» er ein song skriven av Bob Welch. Songen vart ført spelt inn av Fleetwood Mac i 1972 på albumet Bare Trees, men vart spelt inn på ny av Welch for det første soloalbumet hans, French Kiss, i 1977.[1][2][3] «Sentimental Lady» er ein romantisk song som opphavleg vart skriven for den første kona til Welch.
Sentimental Lady Song av Fleetwood Mac frå albumet Bare Trees | ||
Utgjeve | 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:34 | |
Selskap | Reprise | |
Låtskrivar(ar) | Bob Welch | |
---|---|---|
Produsent | Fleetwood Mac | |
Sentimental Lady Singel av Bob Welch frå albumet French Kiss | ||
Utgjeve | Oktober 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:58 | |
Selskap | Capitol | |
Låtskrivar(ar) | Bob Welch | |
---|---|---|
Songen vart opphavleg skriven av Welch på det tidlegare Gorham Hotel på 55th Street i New York City.[3]
Den originale versjonen av songen på Bare Trees var kring fire og eit halv minutt lang med korvokal av Christine McVie. Originalen hadde to vers med ein reprise av det første verset etter det instrumentale mellomspelet.
Nyinnspelinga i 1977 er truleg den mest kjende versjonen av songen, og vart ein hit for Welch. Singelen kom ut ein månad før albumet, French Kiss, som kom ut 18. november 1977, og nådde topp 10 i USA. Singelen låg inne på topp 20 i fleire månader.[4]
Mick Fleetwood vart invitert med til å spele trommer på innspelinga til Welch i 1977. Nyinnspelinga av songen hadde òg med Christine McVie og Lindsey Buckingham frå Fleetwood Mac som korsongarar[3] og produsentar, men i motsetnad til originalen som hadde to vers, hadde Welch sin versjon berre eitt vers og songen var korta ned til kring tre minuttar.[2][3]
Songen er nytta i filmane Grown Ups og About Schmidt.
I 2009 vart songen spelt inn av Valley Lodge på det andre albumet Semester at Sea.
Songen vart òg nytta som avslutning i ein episode av serien Cold Case i sesong 6, episode 4 kalla «Roller Girl».
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.