Remove ads
amerikansk gitarist From Wikipedia, the free encyclopedia
William Scott Gorham (datoar) er ein USA-amerikansk gitarist og låtskrivar som var ein av dei «doble sologitaristane» i det irske rockebandet Thin Lizzy. Sjølv om han ikkje var med å skipe Thin Lizzy, var han kontinuerleg medlem etter ei prøvespeling i 1974, og kom inn i bandet på ei stund då framtida til bandet var usikker etter at den opphavlege gitaristen Eric Bell og den kortvarige erstattaren hans Gary Moore slutta. Gorham var med Thin Lizzy fram til bandet vart oppløyst i 1984. Han og gitaristen Brian Robertson kom inn i bandet samstundes og markerte starten på den mest kritikarroste perioden deira. I lag utvikla dei den doble sologitarstilen til Thin Lizzy, og song òg begge korvokal.[1][2][3] Gorham er det mest langvarige medlemmet i bandet etter dei opphavlege medlemmane Brian Downey (trommer) og frontmannen og bassisten Phil Lynott.
Scott Gorham | |||
Gorham med Black Star Riders 2014 i Wacken Open Air | |||
Fødd | 17. mars 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glendale i California | ||
Fødenamn | William Scott Gorham | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1974 | ||
Sjanger | Rock, bluesrock, hardrock, heavy metal, progressiv rock | ||
Instrument | Gitar, vokal | ||
Tilknytte artistar | Thin Lizzy, The Greedies, 21 Guns, Phenomena, Black Star Riders, Supertramp, Asia | ||
Plateselskap | Vertigo | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Sidan 1996 har Gorham stundom spelt med Thin Lizzy på gitar og korvokal, i forskjellige variantar av bandet etter at frontmannen Lynott døydde i 1986.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.