From Wikipedia, the free encyclopedia
Sammy McIlroy, fullt namn Samuel Baxter McIlroy, (fødd 2. august 1954) er ein nordirsk tidlegare fotballspelar som spelte på Manchester United frå 1971 til -82. Midtbanespelaren var i 1977 med om å vinne FA-cupen.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Samuel Baxter McIlroy | ||
Fødd | 2. august 1954 (70 år) | ||
Fødestad | Belfast i Nord-Irland | ||
Høgd | 178 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1971–1982 | Manchester United | 342 | (57) |
1982–1985 | Stoke | 133 | (14) |
1985–1986 | Manchester City | 13 | (1) |
1986 | Örgryte | 7 | (0) |
1986–1989 | Bury | 100 | (8) |
1988 | → VfB Mödling (lån) | 6 | (1) |
1989–1991 | Preston | 20 | (0) |
1991–1993 | Northwich | 8 | (0) |
Totalt | 629 | (81) | |
Landslag | |||
1972–1987 | Nord-Irland | 88 | (5) |
Trenar for | |||
1992–1993 | Northwich | ||
1993–2000 | Macclesfield | ||
2003–2004 | Stockport | ||
2005–2011 | Morecambe | ||
Landslagstrenar for | |||
2000–2003 | Nord-Irland | ||
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
McIlroy fekk sin ligadebut 9. november 1971 mot byrivalen Manchester City på bortebana Maine Road. Framfor fullsette tribunar, 63 366 tilskodarar, skåra han Uniteds fyrste mål og la opp til det siste i ein kamp som enda 3–3. Resten av sesongen vart han ofte nytta som innbytar og skåra i alt fire ligamål. Ei bilulykke i januar 1973 gjorde at McIlroy gjekk skadd i fleire månader. 1973/74-sesongen var han med då Manchester United rykte ned i 2. divisjon. Sesongen etter var han ein nøkkelspelar på eit United-mannskapet som gjekk til topps i divisjonen.
Både i 1976, 1977 og 1979 deltok McIlroy i finalen FA-cupen. I mai 1976 tapte Manchester United overraskande 0-1 mot Southampton FC, eit lag som nett hadde bokført nedrykk frå topp-divisjonen. Året etter vann Manchester United FA-cupfinalen på Wembley stadion i London med 2-1 over Liverpool FC. Knappe to år seinare, den 12. mai 1979, var Arsenal FC finalemotstandar på Wembley. Her utlikna McIlroy til 2-2 tre minuttar før ordinær tid ute. Arsenal svarte omgåande og sikra seg pokalen med ei skåring av Alan Sunderland.
Då Bryan Robson, Englands beste fotballspelar i fyrste halvdel av 1980-åra, vart Manchester United-spelar i 1981, hamna McIlroy på innbytarbenken. I februar 1982 vart dermed McIlroy overført til Stoke City mot £350 000, ein rekordhøg sum for Stoke. Etter Stoke rykte ned frå toppdivisjonen i 1985, var McIlroy ein sesong i Manchester City og 1986-89 i Bury-drakt. Han avslutta med nokre sesongar i Preston North End og i Northwich, før han la vekk fotballskorne i 1993.
McIlroy var berre 17 år og 198 dagar gammal, då han, 16. februar 1972, med trøye nr 10, fyrste gongen stilte opp for Nord-Irland. Noko som gjorde han til den tredje yngste britiske landslagsspelaren nokon gong. I åra fram til og med 15. oktober 1986 deltok han 88 landskampar. Han skåra fem mål på landslaget, det fyrste kom då Nord-Irland sjokkopna og leia 2-0 over Noreg etter 5 minuttars spel. Kampen, som gjaldt EM-kvalifisering, fann stad i Belfast den 29. september 1975, og var returoppgjeret etter Noreg på heimebane slo Nord-Irland 2-1 på Ullevål stadion i Oslo i september 1974, der også McIlroy var med. Han deltok i alle fem kampane då Nord-Irland gjorde ein god figur under Fotball-VM 1982. McIlroy var lagkaptein for Nord-Irland i 18 kampar, mellom anna under VM i fotball 1986. Både i 1979 og 1984 spelte han alle tre kampane då Nord-Irland vann det britiske landslagmeisterskapen. I 1984-meisterskapen skåra han det andre målet i oppgjeret mot Skottland, kampen enda med 2-0 til Nord-Irland, eit mål som faktisk avgjorde turneringa ettersom alle fire laga enda opp med ein siger, ein uavgjort og eit tap.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.