From Wikipedia, the free encyclopedia
FA-cupturneringa i fotball 1977 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 21. mai 1977. Framfor 99 252 tilskodarar vart Manchester United FA-cupmeister for fjerde gong, etter å ha vunne med 2-1 mot Liverpool FC, den ferske ligameisteren. Det var 14 år sidan den førre Manchester United-triumfen i FA-cupen.
Alle tre måla kom i løpet av ein femminuttars-periode, tidleg i den andre omgangen. Senterløparen til Manchester United, Stuart Pearson, sende laget sitt i føringa med eit hardt skot i det 51. minutt. To minuttar seinare syrgde Liverpool-spelaren Jimmy Case for at laga stod likt att. Men allereie etter nye to minuttar var Manchester United på ny i føringa. Eit skot frå Lou Macari gjekk i mål via brystkassa til lagkameraten Jimmy Greenhoff.
Manchester United sitt vinnarlag bestod av: Alex Stepney, Jimmy Nicholl, Brian Greenhoff, Martin Buchan (kaptein), Arthur Albiston, Sammy McIlroy, Steve Coppell, Jimmy Greenhoff, Stuart Pearson, Lou Macari, Gordon Hill. 10 minuttar før slutt gjekk Hill ut, inn kom David McCreery.
Liverpool stilte med Ray Clemence, Phil Neal, Tommy Smith, Emlyn Hughes (kaptein), Joey Jones, Jimmy Case, Terry McDermott, Ray Kennedy, Kevin Keegan, David Johnson og Steve Heighway. Ian Callaghan kom inn i staden for Johnson i det 64. minutt.
Dommaren heitte Bob Matthewson.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.