From Wikipedia, the free encyclopedia
Lake (frå lågtysk 'ståande vatn, saltlake') er ei salt- eller sukkerløysing.[1] Sidan gammalt har det vorte brukt til preservasjon og konservering av matvarer. Saltlake blir mykje brukt til å ta vare på grønsaker, fisk og kjøt,[2] medan sukkerlake ofte blir brukt til konservering av frukt og bær.[3]
Saltlake er vatn som er metta eller nesten metta med salt (NaCl). Han kan nyttast til å bevare grønsaker, fisk og kjøt. Saltlake vert òg mykje nytta til å modne halloumi- og fetaost. Saltlake kan også vera den laken som oppstår når ein saltar mat, særleg kjøt og fisk.[2]
Sjølv om saltlake kan nyttast til bevaring på same måte som sukker eller eddik er han mykje betre å bruke under transport. Ved å tilsetje salt til vatn minkar dette frysepunktet til vassløysinga og ein kan med mykje større effektivitet transportere varer. Med ein saltkonsentrasjon på 23,3 vert frysepunkt til vatn minka til -21 °C (252,15 K).
Ved 15,5 °C (288,65 K) inneheld metta saltlake 26,4 %, medan han ved 0 °C kan innehalde 26,3% salt.
Når sjøvatn frys til havis, vert saltet i vatnet skild ut og vatnet like omkring isen vert til saltlake. Saltare vatn har høgare tettleik enn mindre salt vatn, så dette kalde, salte vatnet er tungt nok til å søkke heilt til botn av havet og er medverkande til å drive havstraumane i havet. [4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.