Roraima er den delstaten i Brasil som ligg lengst nord. Nabodelstatar er Pará og Amazonas. I nord grensar delstaten til Venezuela og Guyana. Hovudstaden er Boa Vista. Ekvatorlinja passerer gjennom Roraima.

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fjellet Roraima.
Kjappe fakta Land, Del av ...
Roraima
delstat
Thumb
Thumb
Flagg
Thumb
Symbol
Land  Brasil
Del av Norte
Hovudstad Boa Vista
Areal 223 644,5 km²
Folketal 652 713 (2021)[1]
Grunnlagd 1943
Språk Portugisisk
Thumb
Roraima
2.1333333333333°N 61.35°W / 2.1333333333333; -61.35
Thumb
Kart som viser Roraima.
Kart som viser Roraima.
Wikimedia Commons: Roraima
Lukk

Geografi

Klimaet i Roraima er tropisk, med ein middeltemperatur på 26 °C. Store delar av delstaten er dekt av regnskogen i Amazonas, med ei smal stripe savanne lengst mot aust. Roraima har også fleire store elvar som renn ut i Amazonasbassenget. Det finst rike mineralførekomstar i delstaten, dette gjeld både gull, diamantar, kassiteritt (tinnstein), bauksitt og kopar. Utvinninga av desse førekomstane samt tømmerhogst skaper ei mengd konfliktar med urfolk, av dei er yanomami kanskje er den mest kjente gruppa.

Nasjonalparken Monte Roraima inkluderer ein av de høgste fjelltoppane i Brasil, den 2727 meter høge tepuien Monte Roraima, som ligg på grensa til Venezuela og Guyana.

Historie

I 1943 vart området skilt ut frå delstaten Amazonas som eit føderalt område. Dette skjedde samstundes med at Rondônia også vart skilt ut som føderalt område. Området vart kalla «Rio Branco», etter den største elva i regionen. Ho vart døypt om til Roraima i 1962 og i 1988 fekk området status som eigen delstat.

Namnet på delstaten er tatt frå Monte Roraima som kjem frå språket pemon, kor «roroi» tyder «blågrøn» og «ma» tyder «stor».

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.