Rolf Storsveen
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Rolf Storsveen (fødd 22. april 1959) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Elverum som vann to sølvmedaljar i stafettøvinga i store internasjonale meisterskap, fyrst i VM 1982 og så i OL 1984. Han vart noregsmeister på 20 km i 1981. Storsveen var medlem i Sørskogbygda Idrettslag.
Rolf Storsveen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. april 1959 (65 år) Elverum |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | biathlon at the 1984 Winter Olympics – relay |
Saman med Eirik Kvalfoss, Kjell Søbak og Odd Lirhus vann han sølv på 4 x 7,5 km stafett då VM i skiskyting 1982 fann stad i Minsk i dåverande Sovjetunionen. Både den gongen, og to år seinare under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, gjekk han tredjeetappen for Noregs sølvlag på stafetten, OL-mannskapet var også identiske med sølvgutane frå Minsk-VM. Under OL i Sarajevo vart Storsveen elles nummer seks på 20 km normalprogram.
Storsveen vann eit NM-gull på 20 km i Målselv i 1981, i same noregsmeisterskapen sikra han seg sølvmedaljen på 7,5 km. I NM 1984 på Voss fekk han sølvet på 20 km, heimefavoritten Eirik Kvalfoss vann rennet.
Storsveen la opp allereie i 1985.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.