amerikansk bankier From Wikipedia, the free encyclopedia
Robert Strange McNamara (9. juni 1916–6. juli 2009) var ein USA-amerikansk næringsdrivar og politikar, fødd i San Francisco i California. Han var forsvarsminister i USA i tida 1961-68, under presidentane John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson. Han hadde ei sentral rolle i opptrappinga av den militære innsatsen til USA i Vietnamkrigen.[1] Deretter var han leiar for Verdsbanken frå 1968 til 1981.[2]
Robert McNamara | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 9. juni 1916 San Francisco |
Død |
6. juli 2009 (93 år) |
Yrke | bankier, politikar, skribent, samfunnsøkonom, militær |
Språk | engelsk |
Verv | Forsvarsminister i USA |
Periode | 21. januar 1961–29. februar 1968 |
Føregangar | Thomas S. Gates |
Etterfylgjar | Clark Clifford |
Verv | President for Verdsbanken |
Periode | 1. april 1968–30. juni 1981 |
Føregangar | George David Woods |
Etterfylgjar | Alden W. Clausen |
Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA, Det republikanske partiet i USA |
Medlem av | Den trilaterale kommisjonen, American Academy of Arts and Sciences, Phi Beta Kappa, American Philosophical Society |
Religion | Presbyterian Church, Presbyterianisme |
Ektefelle | Margaret McNamara |
Robert McNamara på Commons |
McNamara tok eksamen i økonomi og filosofi ved Berkeley-universitetet i 1937. Etter studiane arbeidde han hos revisjonsfirmaet Price Waterhouse og byrja i 1940 som forskarassistent ved Harvard-universitetet. Under andre verdskrigen melde han seg til teneste i flyvåpenet. Der utvikla han matematiske modellar til bombing av japanske byar med fosforbomber, med mål om å auke sprengkrafta, utan at produksjons-kostnadane auka.
I 1946 byrja McNamara å arbeide for Ford Motor Company, fyrst med ansvar for finansanalysane. Ganske fort steig han til alt høgare posisjonar i selskapet. Han har fått mykje av heideren for den veksten Ford oppnådde i tida etter verdskrigen. I 1960 vart han den fyrste nestkommanderande i Ford Motors som ikkje var Ford-ætling.
Få veker etter at McNamara tok til i toppstillinga i Ford Motors, baud presidenten i USA, John F. Kennedy han posisjonen som finansminister eller forsvarsminister i si regjering. McNamara var i tvil, men let seg overtale til å verte forsvarsminister. Frå 1964 var han ein av dei drivande aktørane då USA auka sitt engasjement i borgarkrigen i Vietnam, og byrja sende sende fleire og fleire USA-amerikanske troppar til landet og auka bombetokta. I 1967 gjorde McNamara framlegg både om å slutte med sende å endå fleire militære styrkar til Vietnam, og å innstille bombinga av Nord-Vietnam og trekke USA ut av maktstridane i Sør-Vietnam. McNamara hadde då mist trua på sine tidlegare taktiske vurderingar, og gjekk av som forsvarsminister den 29. februar 1968.
Like etter tok McNamara over som sjef for Verdsbanken. I posisjonen som verdsbanksjef stod han for store utlån til land i den såkalla Tredje verda, mellom anna til store damprosjekt. Tanken bakom dei store låna var at landa skulle verte moderniserte og utviklast frå å vere dominerte av jordbruk, til å verte industribaserte. Låna førte derimot i mange tilfelle til stor og øydeleggjande statsskuld.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.