språkforskar og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Rimma Dmitrievna Kurutsj (6. mai 1938–8. juli 2019) var ein russisk forskar og politikar frå Murmansk med moldavisk bakgrunn. Utanfor Russland er ho mest kjend som språkforskar med arbeida sine om andrespråkslæring og leksikografi for kildinsamisk.
Rimma Kurutsj | |||
Fødd | Ри́мма Дми́триевна Ку́руч 6. mai 1938 i Balovo i Nizjegorod oblast | ||
---|---|---|---|
Død | 8. juli 2019 (81 år) | ||
Statsborgar av | Sovjetunionen, Russland | ||
Yrke | politikar, forskar | ||
Institusjonar | Murmansk Arctic State University Det tekniske statsuniversitetet i Murmansk | ||
Utdanna ved | Alecu Russo State University of Bălți |
Rimma Kurutsj tok diplomeksamen i 1961 (russisk diploma) frå det filologiske fakultetet ved det Statlege Universitetet (dåverande pedagogisk høgskule) i Beltsy i Moldova (dåverande Moldovisk SSR). Fram til 1964 arbeidde ho som lærar for russisk i bygdeskuler i Moldova. Doktorgraden (russisk kandidat pedagogitsjeskih nauk) i pedagogikk fekk ho 1967 frå Instituttet for den nasjonale skulen ved det pedagogiske vitskapsakademiet i Sovjetunionen. Frå 1968 til 1975 arbeidde ho ved Det statlege universitetet i Tsjernovtsy i Ukraina/dåverande Ukrainske SSR.
I 1975 flytte Kurutsj til Murmansk og leidde avdelinga for russisk ved Det statlege humanistiske universitetet (dåverande pedagogisk høgskule) til 1977.[1]
Opphaveleg spesialisert i andrespråkslæring av russisk byrja Kurutsj å interessere seg for revitaliseringa av kildinsamisk,[2] det største blant dei samiske urfolksspråka på Kolahalvøya. 1976 blei Kurutsj leiar av ei ny arbeidsgruppe for samisk språkforsking, etablert som ei avdeling innom utdanningsseksjonen ved kommunistpartiets Sentralkomitéen i Murmanskområdet. Hennar første medarbeidarar var dei to samiske lærarane Aleksandra Antonova og Boris Gluhov.
I tida fram til 1990-talet var Kurutsj ein produktiv forskar både innom språkdidaktikk, ortografi, leksikografi og grammatikkografi og arbeidde med kildinsamisk språkplanlegging og etableringa av undervisinga for dette truga språket i Sovjetunionen. Under leiinga hennar og med støtte frå Det russiske vitskapsakademi utvikla arbeidsgruppa, som seinare hadde fleire andre samiske medarbeidarar, ein ny kildinsamisk ortografi og læremiddel. I tillegg til omfattande kursmateriale for språkundervisning til samiske born og didaktisk handleiing laga arbeidsgruppa også den store kildinsamisk-russiske ordboka («Den raude ordboka») frå 1985. Ordboka omfattar ein normativ oversiktsgrammatikk av kildinsamisk som vart skrive av Kurutsj. I tillegg har ho også publisert andre lingvistiske arbeid, m.a. om kildinsamisk fonologi og morfologi.
Med den aktive innsatsen sin for revitaliseringsarbeid var Kurutsj blant dei første språkaktivistane innanfor det kolasamiske samfunnet, trass at ho ikkje er same sjølv. Men ho fekk også sterk kritikk av samar som vart usamd om den ortografiske norma som blei utvikla av gruppa hennar i Murmansk.[3]
Kurutsj hadde tilmed ein kort karriere som samepolitikar, då ho (i lag med N.E. Afanasjeva) blei vald til med-visepresident i Kolasamelaget då det vart stifta i 1989. Men berre eitt år seinare forlét ho organisasjonen att, fordi berre etniske samar kunne vere fullverdige medlemmar.[4]
I seinare år dreiv Kurutsj ikkje med samisk språkarbeid eller politikk, men var aktiv i organisasjonar i storsamfunnet. Ho var medlem i det russiske Pensjonistpartiet (russisk Rossijskaja partija pensionerov), der ho til og med blei leiar for den lokale avdelinga i Murmansk. Seinare leidde ho den offentlege organisasjonen «Pensjonistar i Murmansk» (russisk Общественной организации "Пенсионеры Мурмана") og arbeidde som leiar for Murmanskavdelinga av den offentlege organisasjonen «Den store fedrelandskrigens barn» (russisk Дети Великой Отечественной войны).
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.